Sommartur med mor og far i Jotunheimen 1989, dag 2
Eg gjekk ned Bukkelægeret, mor og far gjekk ned om Storådalen.

Klare for avgang frå Memurubu, og me skal rett opp på høgreiste Sjugurdtinden

Trygg kryssing av Muru på solid bru

Tungt i oppstigninga mot Sjugurdtinden, men utsikten gir løn for strevet

Mot Tjørnholet og majestetiske Tjørnholstind som ruvar meir enn 1000 hm over Sjugurdtinden

Fantastisk utsikt oppover Memurudalen der Surtningssua ragar aller høgast

Tilbakeblikk ut Gjende

Mot vakre Gjendealper

Kvil oppunder toppen av Sjugurdtinden

I fint driv innover Memurutunga

Tenk å få oppleva dette i slikt ver!

Eineståande flott utsikt mot Gjendealpene med Store Knutsholstind høgast av alle

Ikkje dårlegare andre vegen mot Memurubreane

Mot Memurubreane med Semelholstind, Hinnåtefjellet, Hellstugutindar og Memurutindar på rekke og rad

Framdrift over lange snøfelt, her med Surtningssua som ruvande kulisse

Ein flokk tamrein stiller seg malerisk opp ved nedgangen til Bukkelægeret

Aleine øvst i Bukkelægeret med utsikt til Gjendebu

Sørvende Bukkelægeret fornektar seg ikkje med blomsterprakten sin, her rosenrot

Sjølvaste mogopen i bløming så seint som 10. juli

Parti av Bukkelægeret

Vel nede ved Gjende!

Langs Gjende der Gjendetunga brått ruvar litt

Gjendebåten durar utover med Svartdalspiggen som flott bakteppe

Ved kaien med kun sjarmøretappen att bort til Gjendebu

Samla att til fantastisk sommarkveld på Gjendebu

Mot maleriske Svartdalsoksla med -piggen
Benutzerkommentare