Torsbu-Veltdalshytta (02.03.2024)
Geschrieben von hornar81 (Bjørnar Horn)
Startpunkt | Torsbu (1.353m) |
---|---|
Endpunkt | Veltdalshytta (1.191m) |
Tourcharakter | Tourenskilauf |
Tourlänge | 7h 13min |
Entfernung | 12,5km |
Höhenmeter | 298m |
GPS |
![]() ![]() |
Besuche anderer PBE | Fieldfarehytta (1.180m) | 02.03.2024 |
---|---|---|
Torsbu (1.351m) | 02.03.2024 | |
Veltdalshytta (1.180m) | 02.03.2024 |
Dag 2 på Tafjordekspedisjonen
Vi gikk fra Torsbu til Veltdalshytta.
Med strålande sol frå blå himmel gjekk vi nordvestover på Tordsvatnet.
Ei lang og flat etappe, der ein fikk kjenne på at gårsdagen hadde sett sine spor i kroppen.
Men det skal seiast: stølheita forsvann fort i dette eventyrlige landskapet.
Endelaust og kvitt, med Karitinden ruvande i bakgrunnen gjekk vi inn på sadelen mellom Veltdalseggi og Litlefjellet, der 180 høgdemeter skulle foreserast. Deretter dreia vi vestover og starta på turen 330 hm nedover mot Veltdalshytta, og dette blei dagens største utfordring. Med dårlig sikt utover dagen etterfulgt av mørket, måtte vi ta på haudelyktene siste timen ned mot hytta. Vi traverserte frem og tilbake og fann teknikker der ein kunne gå sideveis med pulken ståande in mot sida på kroppen. Ein del lokale dumper og skavler gjorde det krevande å gå heilt trygt, så vi måtte bruke god tid.
Dagens etappe tok 7 timar: rundt 1,8km/t inkludert pauser.
Vel nede på hytta, var det som kvelden før endelaus luksus med varme, mat og senger og sove i.
Veltdalshytta er sjøvbetjent, har 51 sengeplasser og er åpen heile året.
Her sov vi to netter og gjekk mindre turar i området rundt hytta, mellom anna til Fieldfarehytta som vart nytta av Joachim Rønneberg & co under krigen.
Dag 3
Opprinneleg var planen at vi skulle besøke Fieldfarehytta samt på vegen fylle opp vassdunkane som høyre til hytta.
Vi blei fortalt at en mann hadde gått igjennom skavlen ved vatnet der vi henta vatn dagen før, så vi måtte være forsiktige.
Når vi ankom vatnet, nokre få minutt på ski ifrå hytta, innsåg vi fort at det å hente vatn ikke kom til å bli verdas lettaste oppgåve. Skummelt var det også.
Her låg det eit større prosjekt i lufta.
Vi bestemte oss for å grave ut ei trapp ned til vatnet.
Med søkjestong, spadar og snøsag arbeidde vi oss gradvis mot trygg vassvei.
Vi sikra oss med snøanker, her la vi ein spade på tvers gravd ned eit stykke bak der vi arbeidde, med klatreslynger festa til, slik at vi kunne arbeide trygt gjennom skavlen.
Tilfredstillelsen av å grave i snø, forme og bygge er undervurdert, vi blei som born igjen. Vi arbeidde ilag som eit team, og såg ut som vi aldri hadde gjort anna enn å grave trapper i skavlar. Omsider traff vi trygg grunn, trappetrinn blei forma og levegg mura opp -reine kunstverket om eg skal sei det sjølv.
80 liter vatn blei fylt på dunkar og vi traska omsider mot hytta att.
Fieldfarehytta var neste på dagens agenda.
Kompani Linge- offiserane Joachim Rønneberg, Birger Strømsheim og Olav Aarsæther bygde våren 1944 denne enkle hytta der dei tilbrakte det siste krigsåret. Dei tre hadde utdanning som sabotørar frå Storbritannia, og med fleire forskjellige oppdrag i Noreg og England bak seg blei dei slepte ned i Tafjordfjella for å øydeleggje kommunikasjonslinjene i Romsdal og Lesja. Hytta er oppkalt etter navnet på operasjonen. Rønneberg, Strømsheim og Aarsæther skulle utføre, "Fieldfare", som betyr gråtrost.
Når vi nærma oss hytta, som ligg kun få kilometer fra Veltdalshytta der vi budde- så viste seg at kun ein liten del av taket var synleg. Vi måtte grave oss ned, for å finne døra inn.
Med mykje grave erfaring frå vassprosjektet tidlegare på dagen, så gjekk vi med stor iver laust på dette.
Det øyeblikket eg steig inn forbi åpninga og sette min fot i hytta, var det med respekt og audmjukheit. At dei tre krigsheltane hadde budd her eit heilt år, under så enkle kår står det stor respekt av.
Vi tok oss tid til å tenne nokre lys og reflektere over kor heldige vi er som tross alt lever i eit fredelig land, der vi kan gå turar i fjellet som rekreasjon og ikkje på sabotasjeoppdrag.
Før vi lukka døra bak oss og sa takk for oss tok vi ein skål for krigsheltane, med ein tår Røverbrus.
Benutzerkommentare