Billingen-Torsbu (01.03.2024)

Written by hornar81 (Bjørnar Horn) GSM

Start point Billingen (741m)
Endpoint Billingen (1,353m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 9h 40min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,097m
GPS
Visits of other PBEs Billingen parkeringslomme (730m) 01.03.2024
Torsbu (1,351m) 01.03.2024
Tverråhytta (1,070m) 01.03.2024

Dag 1 av ekspedisjon Tafjordfjella

Luksus er ikkje berre store millionhytter med vinskap og jaccuzzi, der du kan køyre bilen inntil, men også bittesmå trehytter langt til fjells utan verken straum eller innlagt vatn -med millionstjerners utsikt, pappvin og slitne bein.

Torsbu er den flottaste hytta eg har vitja. Her er ikkje kabel-tv eller dusj, men dei fire veggane og eit tett tak, som i årevis har stått imot naturkreftene . Inne var det peis og ved, gass å koke på og litt straum lada opp via solpanel.
DETTE er luksus etter ein lang dag på tur, der vi fikk kjenne på alt vêrgudane hadde å by på. Varme, eit varmt måltid og senger og sove i, samstundes som vinden piska snøven mot rutene ute i mørket.
Meir enn dette kan eg ikkje ynskje meg.

Turen frå Billingen til Torsbu er på Ut.no er oppgitt til å være 14,5km lang og skal stige fra 740moh til 1340moh, totalt 600hm. Dette er distanse berekna etter ei innplotta rute på eit kart. Den reelle distansen er som regel alltid lengre. Svinger på stien, opp og ned, rundt eit høgdedrag osv akkumulerer opp mange meter på ein lang tur. Vi gikk 1100hm denne dagen, det er mykje opp og ned over små høgdedrag, veien til målet er kupert. Dette er ei viktig erfaring å ta med mtp turplanlegging.
Ut.no oppgir 5 timar for denne turen. Noko som tilsvarer 2,9km/t. Vår gruppe, under dei rådande forholda og med pulk holdt ein fart på ca halvparten. Dette er også ein del av turplanleggingga. Kor jamn er gruppa? Kva seier veimeldinga? Får vi god sikt? Er det gode snøforhold?
Vi berekna å gå 15km, 600hm og med 2,5 km/t fart. Vi gikk 18km, 1100hm og med under 2km/t fart, slik at klokka viste 9,5 timer når vi tok i døra på Torsbu. Ei solid feilnavigering oppe ved Tordsvatnet la den attande kilometeren til i reknestykket, men vi gikk uansett 2,5km lenger enn turlengda oppgitt på Ut.no.
Siste timane av turen gikk vi dermed i mørket med haudelykt og navigerte på gps. Planen var at vi skulle være på hytta før mørket tok overhand.

https://www.instagram.com/hornar81/

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.