Sundagstur til Herbernsheia og Stadsheia (05.05.2013)

Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Start point Tømmerdalen (281m)
Endpoint Tømmerdalen (288m)
Characteristic Hike
Duration 1h 53min
Distance 5.0km
Vertical meters 295m
GPS
Ascents Herbernsheia (459m) 05.05.2013
Stadsheia (465m) 05.05.2013
Ruskevær innover fjorden.
Ruskevær innover fjorden.

Ny topp på Trondheimslista. Har tenkt på denne turen ei stund, og no byrjar jo snøen å gå så det er litt lettare å koma seg rundt i marka igjen. Nevnte turen for Andreas som hadde litt lyst til å ta med familien, men med liten unge var han ikkje heilt sikker på været. Søndag morgon fekk eg melding om at dei ville "ligge litt på været". Yr.no sa det ville skine opp i 10-tida og eg stola blindt på det. Etter ein lengre sundagsfrokost pakka eg sekken, og var klar for tur. Det peip i telefonen og Andreas ville også bli med. Fekk det litt travelt med å koma meg opp til Byåsen butikksenter i tide, men med litt ekstra sprut i sykkelpedalane ankom eg som avtala "litt før 11", altså 10:59.

Vi kjøyrde inn til Tømmerdalen og parkerte. Herifrå fulgte vi vegen innover. Det har vore trakka løype her i vinter, så snøen var hard og grei å gå på beina på. Etterkvart fant vi og stigen som tok av mot Herbernsheia. Litt meir myrlendt og råtten snø her, men det var såpass lite igjen at det ikkje baud på store problem. Fulgte (for det meste) stigen opp til toppa. Eg hadde ein liten omtur for å plukka opp ein geocach. På toppen av Herbernsheia beundra vi utsikta litt før familien Forberg fant det for godt å tusle seg litt ned igjen for å finna ly, medan eg stakk iveg mot Stadsheia. Valgte ei litt bratt rute ned i skaret mellom heiene, så det blei litt skliing på råtten snø, men kom meg heilskinna ned. Kom meg fort og greit opp på Stadsheia, og klappa på varden. Flott utsikt over fjorden herifrå! Tok eit par bilete, plukka med meg ein geocach og returnerte via Herbernsheia ned til familien Forbergs rasteplass. Blei passert av eit par personar på ski.. Syns kanskje det var i overkant ivrig.. Men kvar sin lyst, dei syns sikkert det såg tungvindt ut å labbe i råtten snø på beina også. Vi tok oss tid til ei lita pause. åt ei bødskive og eit par nøtter, før vi labba ned igjen til bilen. Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Med på tur: anforb (Andreas Forberg), Rannveig og Live.

Start date 05.05.2013 11:20
(UTC+01:00 DST)
End date 05.05.2013 13:13
(UTC+01:00 DST)
Total Time 1h 53min
Moving Time 1h 45min
Stopped Time 0h 8min
Overall Average 2.6km/h
Moving Average 2.8km/h
Distance 5.0km
Vertical meters 295m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.