Sykkeltur til Gråkallen (01.05.2013)

Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Start point Hjemme
Endpoint Hjemme
Characteristic Bike trip - mixed
Duration 2h 00min
Vertical meters 552m
Map
Ascents Gråkallen (552m) 01.05.2013
"Der er Ruten og Dronningkrona, og der er Storheia og Litjheia."
"Der er Ruten og Dronningkrona, og der er Storheia og Litjheia."

Fridag fra jobb må jo bety ut på tur? Som sagt så gjort; satsa på å få lagt til enda ein topp på Trondheimslista i dag. Kanskje den mest markante toppa (og lettaste?) i byen: Gråkallen. Denne toppa som "ragar" over byen med sine merkjelege radarinstallasjonar. Pakka sekken og sykla meg i veg over Stavnebrua, opp mot Byåsen butikksenter og vidare innover Fjellsetervegen mot skistua. Her går det kun ein veg, og det er oppover. Det hadde jo ikkje eg tenkt så veldig nøye over da eg kledde på meg.. Eg skulle jo på "fjelltur".. Så det kokte godt innunder allværsjakka da eg kom meg opp til Skistua. Her sette eg ifrå meg sykkelen og gjekk stien gjennom alpinanlegget mot toppen. Brukte litt tid ved kartinstallasjonen på toppen, der eg peika meg ut tidlegare toppar som Storheia og Ruten. Tok litt bilete og vandra ikring. Rekognoserte også litt neste Trondheimsmål: Stadsheia (og Herbernsheia), såg ut til å vera ein langt finare tur enn denne.. Bak meg kom det plutseleg ein familie som snakka russisk (eller kanskje heller Polsk, men eg vel å tru dei snakka russisk for spenningas skyld). Eg byrja sjølvsagt å fantasere om at dette var russiske spionar og at ein føreståande invasjon er på gong. Eller kanskje det var meir meg som såg ut som spion der eg rota rundt med speilreflekskamera, og virra mållaust ikring stirrande på GPSn og leita etter geocachar? Fekk signert ein geocach og karra meg fort ned igjen, toppen var ikkje noko verande stad i dag da det var passe surt i trekken.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.