Storehaugen (18.10.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hike
Duration 3h 17min
Distance 13.3km
Vertical meters 891m
GPS
Ascents Storehaugfjellet (1,172m) 18.10.2024 16:36
Storehaugen (1,169m) 18.10.2024 16:58
Visits of other PBEs Parkering Storehaugfjellet v/Flyplassvegen (400m) 18.10.2024 14:55

Mørket kjem tidlegare no. Avspassere to timar, og då vart det topptur på fredag. I dag var også dagen med meldt finaste vèret denne helga. Køyrde til Kaupanger og opp flyplass-vegen til ca. 400 moh. Delvis merka og skilta rute, men ein må følgje litt med på appen til ein er i posisjon oppover fjellryggen. Når ein har komme litt opp og ut på ryggen, får ein ei nydeleg utsikt til fjorden, Kjørnes og Sogndal. Ut til toppen av Storehaugfjellet med mastene er det 6,4 km. No får ein også fin utsikt til Bleia og vidare ut Sognefjorden. På retur tok eg med ca. 70 nye høgdemeter opp til varden på grøn topp som blir kalla "Storehaugen". Her er varde, og svært god utsikt mot m.a. Sogndal. Her er Sjekk-ut på Ut-appen og postkasse. Så er det eit godt stykkje der ein er på fin fjellrygg, og med nydeleg utsikt mot m.a. Hurrungane. God sti også når ein kjem ned att i barskogen. Fin tur og trim på ein fredag. Og bra primerfaktor er det også på denne. Formen er nok litt redusert, då det blir mindre aktivitet no utover hausten. Fin tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.