Hestefjell siste av tre (18.10.2024)  2

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 1h 15min
Distance 3.0km
Vertical meters 157m
GPS
Ascents Hestefjell (248m) 18.10.2024

Etter Liakollen køyrde eg vidare på Skjelbreivegen og tok av til høgre mot Elgtveit. Parkerte ved bommen der det stod to bilar frå før. Gjekk det som var markert som traktorveg på kartet. Ikkje noko særleg, traktorvegen var både gjengrodd og svært våt. Der det begynte å bli litt brattare, var vegen grave heilt ut til djupe bekkar. På den andre sida gjekk den mykje høgare opp enn kartet markerte. Den går faktisk heilt opp til det uthogde opne fjellpartiet. Det oppdaga eg då eg skulle gå nedover, då følgde eg denne traktorvegen frå toppen og ned til omtrent der eg hadde tatt av frå den og busha på veg opp. På det punktet omtrent fann eg ein gammal stig som eg valde å følgje ned att, det var eit betre vegval, sjølv om det var eit veldig bratt parti der før eg kom ned på flata. Fann litt traktkantarell på denne turen også og såg ein brun litt større skogsfugl dom eg ikkje greiddde å identifisere. Møtte ein jegar med ein dachshund både på vegen opp og ned. Usikker på kva han jakta på!
3 km, 157 hm, 1 t og 15 min. Var tøysevåt då eg kom tilbake til bilen. Tre toppar i knappholet, forholda passa bra for nerdete aleinetur. Vått og grått!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.