Blåfjellet frå Bunestølen (26.09.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Blåfjellet (791m) | 26.09.2024 |
---|
Det er ei stund sidan sist eg gjekk på Blåfjellet frå Bunestølen. Der var det komen grusveg nesten heilt opp til Frammarsvikstølen. Resten av turen er lettgått, sjølv om det er litt myr, så er turen fin. Når ein går i Sunnfjordfjella, så er det ofte at ein møter på ei myr eller to uansett, så forventningane er ikkje så store. Eg blei uansett ikkje så veldig blaut på beina. Nydeleg tur med nesten heilt vindstille på toppen. Det er også ein godfølelse når det nesten er heilt stille rundt.
Høyrde hjorten ned mot fjorden brøle.
Traff på eit jaktlag då eg var nesten nede ved Bunestølen igjen. Så det gjeld å være kledd i klare fargar.
Benutzerkommentare