80-års minnemarkering etter våpensleppet på Brogaheia (22.09.2024)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Andre besøkte PBE'er Langavatnet demning (450moh) 22.09.2024
Brogaheia våpenkonteinere (645moh) 22.09.2024

Morgonen for minnemarkeringa på Brogaheia vakna me der oppe kl. 0640, for me måtte gå nedover alt i 8-tida for å vera framme i Grimsli kl. 0930 som avtalt. Det hadde som venta vore ei stjerneklår natt, men óg særs fuktig, og skodda låg malerisk som ein liten sjø over myrområdet like ved. Det same var tilfellet over Longavatnet, kunne me sjå. Me hadde hatt selskap av ei lirype eller to om natta, for det var litt skratting å høyra både kveld og morgon.

Etter frukost og nedpakking av teltet var eg borte ved minneplata og dekka henne til med «balkongflagget» mitt før me fann stien nedover mot Longavatnet. Me hadde ikkje gått langt før me var klissvåte på buksebeina av dogga i vegetasjonen, men me visste at det ville bli våtare i myrene langs Forenesvatnet. Dogga gjorde óg at me fekk sjå tusenvis av flotte edderkoppspinn i graset, lyngen og bregnene nedover, eit retteleg naturens under.

Morgonstemning på Brogaheia, med trolsk skodde over myrer og vatn
Morgonstemning på Brogaheia, med trolsk skodde over myrer og vatn
Minneplata standsmessig tildekka kl. 0800 i det me går ned til Grimsli
Minneplata standsmessig tildekka kl. 0800 i det me går ned til Grimsli
Mot Longavatnet
Mot Longavatnet

Tida gjekk helst fortare enn oss, og solstrålene nådde oss først ved Forenesvatnet i 9-tida. Avtalen var som nevnt å møta dei som kom med båtar over Liarvatnet i Grimsli kl. 0930, men me møtte dei første på veg oppover alt eit kvarter før.

Idyll ved Forenesvatnet I
Idyll ved Forenesvatnet I
Idyll ved Forenesvatnet II
Idyll ved Forenesvatnet II
Idyll ved Forenesvatnet III
Idyll ved Forenesvatnet III

På Liarvatnet kom det fleire båtar, og i alle fall dei to båtane til Norsk Folkehjelp Strand og Forsand gjekk i skytteltrafikk. Som venta var det mange på veg, altså! Ettersom folk kom i land, gjekk det fleire grupper oppover, for det var mange lokalkjende som kunne finna vegen sjølve. Eg fekk gå ilag med både ordførarane og resten av arbeidskomitéen, og me var ei av dei siste gruppene som gjekk frå Grimsli i 10-tida.

Båtar i skytteltrafikk over Liarvatnet, både hytteeigarar og Norsk Folkehjelp
Båtar i skytteltrafikk over Liarvatnet, både hytteeigarar og Norsk Folkehjelp
Orientering av ordførarane i Grimsli
Orientering av ordførarane i Grimsli
I fint driv ovanom Grimsli
I fint driv ovanom Grimsli
Kort informasjonsstopp ved Forenesvatnet
Kort informasjonsstopp ved Forenesvatnet
Idyll ved Forenesvatnet IV
Idyll ved Forenesvatnet IV

Turen tilbake til Brogaheia gjekk oppskriftsmessig same vegen, og på eit berg litt nedanfor stemmen i Longavatnet høvde det godt med ein matpause. Så gjenstod bare snaut 150 hm stigning opp bakkane til flyttblokka, og der var det eit heilt lite «fuglefjell» av folk som venta. Eg delte etter kvart ut 75 informasjonshefte, så at det var nesten hundre deltakarar er ganske sikkert. Ein god gjeng inkludert HV-08 og innsatsstyrke Osprey hadde óg kome opp frå Målandsdalen, og ei relativt stor gruppe hadde gått heile vegen frå parkeringa ved Liarvatnet. Det viste seg seinare at yngste deltakar var 3 år og den eldste heile 83 år!

I fint driv ovanom Forenesvatnet
I fint driv ovanom Forenesvatnet
På stemmen i Longavatnet
På stemmen i Longavatnet
Eit heilt lite «fuglefjell» av folk ved minnestaden i det me kjem opp på Brogaheia
Eit heilt lite «fuglefjell» av folk ved minnestaden i det me kjem opp på Brogaheia

Ordførarane kledde seg opp med kjeda sine og signalisten frå forsvaret bytta til den staselege uniforma si, og så vart det samling rundt flyttblokka og klart for seremoni kl. 1305. Etter høgtideleg fanfare holdt Anita Husøy Riskedal frå Hjelmeland og Irene Heng Lauvsnes frå Strand ein fin tale i dialogs form før avdukinga. Og det vart ikkje mindre høgtideleg då «Ja, vi elsker» strøymde ut over Brogaheia med HV-08 i givakt; eg vil tru det var mange andre enn eg som vart blanke i augene akkurat då.

Alt klart for seremonien kl. 1305
Alt klart for seremonien kl. 1305
Høgtideleg fanfare som start på seremonien
Høgtideleg fanfare som start på seremonien
Avduking ved ordførarane i Hjelmeland og Strand
Avduking ved ordførarane i Hjelmeland og Strand
To ordførarar og HV-08 i giv akt under «Ja, vi elsker»
To ordførarar og HV-08 i giv akt under «Ja, vi elsker»

Etter nasjonalsongen fekk Oberstløytnant Øystein Fossum Nilsen ordet, distriktssjefen for HV-08 Agder og Rogaland. Han drog linjene frå hendingane i 1944-45 til dagens spente verdssituasjon, før me i arbeidskomitéen vart kalla fram og mottok HV-sjefens heidersmynt. Etter ny høgtideleg fanfare var seremonien over, og dei som ville kunne bli med opp i ura og sjå på restane av containerane som framleis ligg der.

Tale ved distriktssjefen i HV-08
Tale ved distriktssjefen i HV-08
Me i arbeidskomitéen mottar HV-sjefens heidersmynt
Me i arbeidskomitéen mottar HV-sjefens heidersmynt
Innsatsstyrke Osprey ved minnetavla 80 år sidan hendingane; mykje symbolikk her!
Innsatsstyrke Osprey ved minnetavla 80 år sidan hendingane; mykje symbolikk her!
Informasjon om våpensleppet i ura der restane av containerane ligg
Informasjon om våpensleppet i ura der restane av containerane ligg
Uvanleg folksamt i ura
Uvanleg folksamt i ura

I 14-tida var det på tide å pakka sekken og tenka på heimvegen. Den gjekk nordover til demninga i Sagåna og traktorvegen ned til Boremyr der bussen venta på oss som skulle tilbake til parkeringa ved Liarvatnet.

På heimtur ved Målandsvatnet
På heimtur ved Målandsvatnet
Ditto ved Prammaleitet
Ditto ved Prammaleitet
Sterk deltaking frå HV-08 inkludert innsatsstyrke Osprey
Sterk deltaking frå HV-08 inkludert innsatsstyrke Osprey

Dette vart utan tvil ein heilt fantastisk dag for alle dei nesten hundre deltakarane, med Jørpelandsheia på sitt aller finaste. Men ikkje bare vêret spelte på lag denne strålande haustdagen, det same gjorde offisielle deltakarar frå dei to kommunane og heimevernet. Ei stor takk óg til grunneigarane som stilte parkering, veg og minnestad til disposisjon, til Norsk Folkehjelp Strand og Forsand som stod for transport og HMS og til IKM Aquamarine på Jørpeland som leverte den fine minneplata i rustfritt stål vederlagsfritt.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.