Raudebergnuten (14.09.2024)

Geschrieben von ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Tourlänge 5h 22min
Entfernung 22,9km
Höhenmeter 2.115m
GPS
Besteigungen Raudebergnuten (1.819m) 14.09.2024

Kald natt, mulig is på vegen. Litt sein start for å unngå dette. Mykje vatn i Hydnefossen, og Storehornet er like monumentalt som sist.
Frå Hemsedal sitt svar på Beaubourg, forbi Hemsedal sitt svar på han Skrot-Kalle sine samlinger, over brua og so er vi i gang med stavgangen. Når utsynet mot Raudebergskarven byrjar å opne seg, stig spenninga med omsyn til følgjene - og omfang av nysnø. Truleg vert det berre litt seigare.

Frå Jegerheim-brua er stien svak, og vardene stend gjerne der det er triveleg å byggje varde og ikkje på hi sida av ei myr eller urd du må over og der du treng ei sikteline. Mange av dei er staselege, og eg kritiserer ingen. Men det er greit å ikkje forvente meir enn 'sporadisk rettleiing'.
Eg tok av litt føre bua Jegerheim på vegen mot Iungsdalshytta, då eg tykte det laga seg slik. Men det er vanskeleg å optimalisere i dette terrenget, der urdene berre ligg der dei ligg, utan noko anna mønster enn at dei vert meir dominerande med aukande høgd. Etter ein god del mikrotopografi kryssa eg den mest dominerande elvedalen før toppen og sikta etter kvart på ein av flere ryggar. Denne gjekk til eit punkt noko sør for toppen. Her var det storslått og vilt, med forrevne formasjonar. No vart og nysnøen ein faktor. Han var heilt laus eller litt vindpakka, og det var best å vise varsemd for å unngå å trakke ned i skjulte holrom.

Under desse tilhøva og når ein kom rett frå sør, laga det seg til med litt vinterklyving i den siste bratta føre det slakkar av dei siste høgdemetrane før toppen. Det vart litt spreising på snø, men det var ikkje noko mål å søkje opp parti med is på berget. Sjølv VJ UltraXtrem sit dårleg på slikt.

Ei rampe mot venstre slutta i en solgylt nabb, og vidare her vart det slakkare. Snart kunne aksjonen tine opp frosne føter i terrengløpsskor starte. For på toppen tok sola i sørhellingene. Her var det, som venta, stort panorama på ein fin dag, men dette er verkjeleg eit fjell der få andre fjell syner djerv profil. Massiva mot sør og vest ligg som klædeiser med markerte render, medan Jotunheimen krev optikk .

Eg satsa på at det var meir avsmelta lende om eg starta rett aust, men her vert nok terrenget komplekst i alle høve, om ein ikkje går urimeleg langt rundt mot sør. Så her gjekk det i glissader, bomturar på grunn av eit par plutselege brattkantar og urd og atter urd. Etter kryssinga av den før nevnte elvedalen, kom vegetasjonen inn flekkvist, og no vart farta skrudd opp i slike parti. Tanken på å la beina gå utfor i luftline mot brua slo meg. Men eg lot vanetenkjaren og viervegraren vinne denne gongen og, og tok meg inn på 'stien'.
Blaute myrer i dalbotnen, framleis høglys dag, sol og god stemning, sau å prate med og so attende.

Og ja, eg trur nok at ein sosiolog kan gjere interessant feltarbeid på Coop Extra i Hemsedal sentrum, men eg stiller ikkje som feltassistent. Etwas nützliches, dann schnell heraus ...

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.