På leit etter krigsminne ved Gamlestølstjødna (06.09.2024)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Prammafjellet (713moh) | 06.09.2024 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Minnesmerke Austre Målandsstøl (650moh) | 06.09.2024 |
Rask ettermiddagstur frå Rv. 13 ved Boremyr med to formål; transport av materiell til minnemarkeringa på Brogaheia og leit etter restar frå Avocet-sleppet ved Gamlestølstjødna. Minnemarkeringa etter våpensleppet på Brogaheia finn etter planen stad 22. september kl. 13 og markerer hendinga der 8. november 1944. Avocet-sleppet 1. januar 1945 var bare 2 km derifrå, og nyleg har eg fått oppgitt posisjonen der det framleis ligg restar av materiellet som kom ned saman med dei fire Linge-karane.
Det var full sommar denne septemberdagen, rett og slett steikande sol og varmt, men likevel gjekk turen til Brogaheia raskt unna på 1 ¼ time. Denne gangen følgte eg stien aust for Målandsvatnet, som óg går vidare sørover og passerer nær den store flyttblokka der minnemarkeringa skal finna stad. Det var fint med ein del heipiplerke og steinskvett på lyngheia.
Returen gjekk tilbake same veg og oppom Prammafjellet før eg tok ned til Austre Målandsstøl og runda over til austsida av tjødna der restane skulle ligga. Og ganske rett; i ura like nordaust for Gamlestølstjødna fann eg både 4-5 containerar og 8-10 spinkle, firkanta rammer. Dette stemmer svært godt med at det kom ned 12 containerar og eit tal såkalla pakkar med Avocet-gruppa. Det var ei stålkorg rundt kvar av pakkane, og eg vil tru at rammene som ennå ligg i ura, er restane av desse korgene. Interessant altså, at det som ligg på staden høver med informasjonen i dei allierte arkiva!

Returen vidare gjekk raskaste veg ned til Boremyr, til saman 3 ¼ timar på tur.
Kommentarer