Jotunheimen (16.04.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Start point Huldehaug
Endpoint Turtagrø
Characteristic Backcountry skiing
Map
Visits of other PBEs Krossbu (1,270m) 16.04.2013
Skogadalsbøen (832m) 16.04.2013
Sognefjellshytta (1,420m) 16.04.2013

Skitur i Jotunheimen med friluftslivklassa. Start på Huldehaugen over Turtagrø, gjekk til sjølvbetjent kvarter på Krossbu. Ikkje ein stad eg tilrår nokon å vere på vinteren. Her fannst lite, mellom anna var det ikkje vedomn der.

Opprinneleg rute til Olavsbu over Smørstabbreen onsdag vart endra grunna vêr og form. Nokre sleit ganske mykje. Gjekk Vetle Utledalen, men i staden for å gå innover Storutledalen, måtte me innsjå at gruppa ikkje kom til å nå fram. Såpass langt nede møtte me i tillegg eit ufatteleg gjennomslagsføre. Det var mykje snø, og han pakka seg rundt ein viss ein skulle vere så uheldig å tippe over. Fleire måtte grave ut ski etter å rett og slett ha gått seg bom fast. Ein annan hamna på hovudet ned i snøen, noko som fort kunne vorte farleg sidan han ikkje fekk luft og altså satt fast og måtte ha hjelp for å kome seg ut att.

Vêret var ikkje det heilt store, men greitt. Det var nedbør i form av regn heilt til ein kom godt opp over 1000 m. Ein del vind var det, og sikta var varierande. Noko storslagent utsyn fekk me aldri, og dei høge fjella og spisse tindane må eg kome attende for sjå på seinare.

Onsdag kveld vart det bestemt at me dagen etter skulle gå frå trivelege Skogadalsbøen og attende til Turtagrø. Slik vart turen forkorta med ein dag. Ei gruppe er faktisk ikkje sterkare enn sitt svakaste ledd.

Torsdag gjekk me altså over Keisarpasset (her var det godt å ha kvisting, då me møtte det verste vêret. Null sikt, sterk vind og våte, store snøfiller) og rende ned til Turtagrø. Det var berre såvidt det var mogleg å gå heilt til hotellet på ski; den siste drøyt halve kilometeren var det nesten problematisk dårleg skiføre.

Eg var lengje skuffa over at turen vart som han vart, men eg hadde det sjølvsagt og som vanleg kjekt med å vere ute og, ikkje minst, vere på ski. Takk for turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.