Molden (31.08.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Molden (1,120m) | 31.08.2024 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Krossen p-plass (500m) | 31.08.2024 |
Varden på Molden (1,116m) | 31.08.2024 | |
Tursti Mollandsmarki - varden på Molden (500m) | 31.08.2024 | |
Skjødnaklanten (680m) | 31.08.2024 | |
Svarthiller (865m) | 31.08.2024 |
Då var det på tide med ein tur til Molden igjen. Denne gongen med mannen min. Han har ikkje vore der før og han har høyrt mykje om turen. Og då passar det godt når været er meldt så bra som det var. Vi reiste inn til Sogndal for å få med oss Sognapride, sidan dotter vår skulle være med i toget og halde appell til arrangementet.
Etter det reiste vi til Krossen og tok turen. Været blei berre betre og betre i løpet av dagen, så her låg det an til å bli ein prima dag.
Det var nok ein del som hadde teke turen, men dei aller fleste var på veg nedatt då vi gjekk opp. Og det er heilt greitt på ein slik tur. Flott utsikt og strålande vær... kan det bli betre?
User comments