Harahorn og Hydalsbergi. Hemsedal komplett. (31.08.2024)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Harahorn (1,581m) | 31.08.2024 14:07 |
---|---|---|
Harahorn Øst (1,572m) | 31.08.2024 14:22 | |
Harahorn Nord (1,537m) | 31.08.2024 14:29 | |
Hydalsbergi SV-2 (1,535m) | 31.08.2024 14:47 | |
Hydalsbergi SV-1 (1,548m) | 31.08.2024 15:00 | |
Hydalsbergi (1,595m) | 31.08.2024 15:23 | |
Hydalshjallen (1,425m) | 31.08.2024 16:11 | |
Hydalshjallen Vest (1,383m) | 31.08.2024 16:22 |
Nydeleg vèr med helga. Då passa det å ta dei to siste toppane som mangla på Hemsedal-lista. Litt sein start i dag. Køyrde over Hemsedalfjellet, til Tuv, og opp til Vavatn. Parkeringa ved startskilta var full. Fann ei parkeringslomme 100 m forbi turstart. Mange folk som hadde Harahorn som turmål i dag. Denne ruta er mykje nytta, noko som er forståeleg. Det er ein fin utsiktstopp, og litt egg siste 100 meter bort til toppen. Eg heldt fram vidare over dei toppane som dukka opp. Lett å gå heile vegen til Hydalsbergi, og toppen som gav meg 100 %. Veldig fin utsikt til grøne dalar og vidder under vegs. Og til toppar eg hadde besøkt før. Returen var stort sett grei også. Litt storur, som eg nok kunne ha unngått, ved å helde litt lenger sør. Men ville ha sikta ned mot Hydalen. Flott grøn dal eg kom ned i, og eit langt smalt vatn like ved. Så bar det litt opp og ned bortover til Hydalshjallen. Fin utsikt her. Men eg var litt kjapp, og var ikkje heilt medveten om at det var på Hjallen eg var. Utsikta fekk eg da likevel. Så følgde eg ryggar så godt det let seg gjere nedover. Styrde unna vier, og det var berre litt låg lyng som hefte nedatt mot vegen. Men vegvalget er viktig for å ungå krevjande "buching" og myr, når ein går utanfor stiar. Kunne ha følgt sti, men då hadde det vorte lengre og kjedeleg med meir bilveg til sist. Svært nøgd med å ha full ført Hemsedal. Fyrste var Høgeloft i 1973. Men den gonger var ikkje ei målbevist samling i tankane.
User comments