Naustdal: Bolteheia + 3 nesten100 (20.04.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Bolteheia (740m) 20.04.2013
Furefjellet (286m) 20.04.2013
Skeisknausen (725m) 20.04.2013
Tordalsholten (324m) 20.04.2013

Tur 1. Frå Reiakvam i Naustdal. Ein svært dårleg skitur. Kort skibering opp skogsveien før eg kunne ta på skia. Isete og mykje granbar etter skoging i vinter. Berre å peile seg inn mot Skeisknausen, pf ein plass på 90-tallet. Vind og dårleg skiføre. Hadde blikket mot Heilevangsstaurane og Blegja der eg viste folk var på veg oppover. Skyene hang godt nedpå frå 11-1200 meter. Fekk seinare vite at dei ikkje nådde toppen på Blegja men snudde rett etter Heilefjellet. Glei ned i skaret med fellene på. 200 høgdemeter opp til Bolteheia. Dårleg skiterreng, krattskog og bratt. Måtte til med skibering opp nokre hamrar, for spesielt interesserte. Skreiv meg inn i boka på Bolteheia. ca 10 besøk til no i 2013. Fekk nokre svingar nedover til ein møtte granfelta igjen.....skogsveiploging resten.

Tur 2. Kjøyrde til Vevring og la om til fjellsko, Isogaisa heldigvis. Snakka med ein kar som stod og kløyvde ved. Positiv kar som kom med tips om dei "toppane" eg skulle på. Måtte nesten forklare kva ærend eg var i. Frå Torsdalsholten fin utsikt vestover mot øyane. Skremde opp mengder med hjort på meget kort avstand. Gjekk austover langs kraftlinja til eg kunne ta opp mot Furefjellet 285, pf tett oppunder 100. Ikkje ei einaste fure på det fjellet men til gjengjeld eit helvete med graner. Tett i tett med greiner heilt ned. Var berre å krype rundt. Fann 3 aktuelle toppunkt som alle vart besøkt. Ein lite besøkt topp vil eg tru.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 20.04.2013 22:46

    steike ta kor mykje eg har igjen no....:/

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.