Fimreitåsen (21.08.2024)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Bjørnstigfjellet (770m) | 21.08.2024 17:57 |
---|---|---|
Lingesetfjellet (1,002m) | 21.08.2024 19:25 | |
Visits of other PBEs | Sogndal lufthavn p-plass (500m) | 21.08.2024 16:27 |
Målet var ein enkel ikkje så høg topp utpå Fimreitåsen. Men i staden for å køyre til Fimreite, satsa eg på lang og bratt sykkeltur på off-road sykkel frå Haukåsen. Parkerte like ved flyplassen. God grusveg innover. Litt dårlegare veg frå krysset til Storehaugen og opp til stølen Lingesete. Vidare på ny anleggsveg av høg standard heile vegen, til like ved toppen. Høgaste punkt 900 moh. Så moro køyring til dels bratt, og med nokre hårnålsvingar, ned til 520 moh. Kuppert opp til toppen på 770 moh. Særdeles flott utsikt til Fresvik frå litt forbi toppunktet. Det var fin utsikt også undervegs på den fine sykkel-turen. Stigninga oppatt mot Dueskarvarden var brattare enn stigninga frå flyplassen og opp. Tok med toppen Lingesetfjellet, på returen då eg var like ved. Ein knapp halvtime avstikkar. Nedatt på sykkel gikk det unna på knapt 13 minutt, og eg kosa meg. Undervegs vart det eit strevsam og tøff tur.
User comments