Laussnødraum på Vangsen (13.04.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Vangsen (1,757m) 13.04.2013

Heilt sidan eg for fyrste gong las om fjellkolossen Vangsen, har eg lengta etter å stå på toppen. Etter å ha nytta kvart ledige sekund kvar dag heile veka på å oppdatere yr.no og vêrmeldinga for Jostedalen og Breheimen, kunne me pakke bilen full og haste mot fjellet rett etter foredrag og kor fredag ettermiddag.

Turen til Vangsen er beskrive som ein topptur som tek fem timar. Me bestemde oss for at me ville utnytte heile frilaurdagen, og dessuten vere aldeles sikre på at alle skulle kome seg opp til varden. Difor lånte me like så godt telt og brennar frå skulen slik at me komfortabelt kunne tilbringe natta ved Vanndalsvatnet, 1045.

Ei stund etter middagstid traska me altså i veg frå Myri, 500 moh, og oppover Vanndalen. Eit tynt lag med pudder dekte den hadre skaren og dei mange spora. Det var varmt så langt nede i dalen. Varmen og skiføret gjorde klabbing under skifellene til eit nokså stort problem etterkvart som me tok høgdemeter, ettermiddag vart kveld og temperaturen sank. Den kramme snøen verka som lodd under skiene. Godt var det difor å kome seg opp til Vanndalsvatnet, få opp teltet og kokke en orientalsk pølsemiddag.

Laurdag morgon hadde eg meldt meg friviljug til å koke havregraut til frukost. Eg var sjølvsagt spent på kva syn som ville møte meg utanfor teltopninga. Eg røska vilt i glidelåsen og sang av fryd då eg såg den skyfrie, blå himmelen.

Morgonstemning ved Vanndalsvatnet
Morgonstemning ved Vanndalsvatnet

Etter at alle hadde somla med forskjellige morgonrutiner, sto me samla utanfor teltet og kikka opp på fjellsida og sporene som to karer hadde gått opp/kjørt opp kvelden før. Me valde å fylgje desse så langt dei gjekk. Samtalane på veg opp kom stadig innom dei same tema: det ufatteleg pene vêret og det vidunderlege føret; her låg det mellom 10 og 30 cm med glitrande laussnø heile vegen!

Underteikna avbilda i eit av dei betre augneblinkane hittil i livet. Jostedalen, Jostedalsbreen og mellom anna Lodalskåpa i bakgrunnen.
Underteikna avbilda i eit av dei betre augneblinkane hittil i livet. Jostedalen, Jostedalsbreen og mellom anna Lodalskåpa i bakgrunnen.

Etter den korte, bratte kneika (her var det naudsynt med stålkantar på den knallharde skaren) som fører ein over i slakare terreng mot toppen, gjekk me nede i botnen på nordsida, kor me au tok ein god rast før toppstøtet. Her vart me nådd att av to karar med tyngre skiutstyr; dei einaste menneska me møtte i fjellet denne perfekte dagen.

Her gjev livet meining
Her gjev livet meining

Den siste ryggen opp mot toppen og varden måtte berre nytast. Her vart nemleg utsynet vidare og meir spektakulært for kvar høgdemeter. 1757 moh sat eg i le for den skamfullt flaue vindgufsen bak varden og kjende sola steike trynet mitt medan eg kunne sjå heim og endå lenger. Det er det vakraste eg har sett. Sjølv om me nesten ikkje kunne vente med å renne ned att, var det eit kollektivt ynskje og dermed ei taus einsemd om at stunda på toppen av Vangsen skulle vare.

Nedkøyringa var rett og slett ein frydfull draum på fjellski for alle fire. Me dekorerte fjellsidene med pene svingar og nokre få kroppsavtrykk. Me vart faktisk litt for ivrige og måtte klatre opp att eit stykke for å omgå eit stup i dei bratte skråningane oppforbi Vanndalsvatnet. Vemodig var det å stå nede ved teltet att. Føret frå 1000 moh og ned var sjølvsagt ikkje like mykje å skryte av, men alle kom velberga ned med den tunge oppakninga. Etter ein usedvanleg behageleg (og kanskje bedageleg), men likevel utopisk skitur/telttur/topptur, kunne me køyre attende til Sogndal, nøgde, solbrente, blide og tydeleg prega av alt me fekk oppleve i lag denne helga.

Tusen takk for turen, Kristine, Cathrine og Per Christian!

User comments

  • -
    avatar

    Herlige Vangsen!

    Written by JPV100 17.04.2013 10:10

    Fekk skikkelig lyst på ein ny tur dit no!

  • -
    avatar

    Et gammelt favorittfjell

    Written by Øyvindbr 16.04.2013 21:39

    Vangsen er en av mine desiderte favoritter fra Sogndaltida. Trur fortsatt den rager høyt på utsiktslista mi. En kremtopp jeg savner, det gjelder egentlig hele dette området!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.