Kuklumpen Børgefjell (06.08.2024)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Kuklumpen (1,194m) | 07.08.2024 00:37 |
---|
Køyredag sørover frå nordnorgeferie. Hadde tenkt å finne ein beinstrekk, men var ærleg tala litt sliten etter mange dagar på tur. Køyrde forbi det eine kremfjellet etter det andre. Svært varmt. Stoppa på Trixie på Trofors og åt spesialpizzaen "Viking", som var ein vikingskipforma pizza dynka i bernaise. Det gjorde underverker for energien, og når eg var på Majavatn var eg klar for utflukt.
Fin DNT-sti innover mot børgefjell. Så fulgte eg spreidd varding til toppen med det flotte navnet Kuklumen. Skulle jo vere ein kort tur, men litt var det jo allikavel. Stor utsikt innover mot Børgefjell. Fin jogg tilbake til bilen, og nådde overnatting i Trondheim kring midnatt.
Start date | 06.08.2024 16:28 (UTC+01:00 DST) |
End date | 06.08.2024 18:59 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 2h 30min |
Moving Time | 2h 27min |
Stopped Time | 0h 3min |
Overall Average | 5.2km/h |
Moving Average | 5.3km/h |
Distance | 12.9km |
Vertical meters | 891m |
User comments
Andre erfaringer
Written by bakmannen 04.09.2024 09:40Hei,
Planlegger å dra dit på rypejakt i høst. Hvordan var skogen/terrenget før du nådde tregrensa? Så du noen ryper på din vei?
Sv: Andre erfaringer
Written by kobbenes 04.09.2024 10:02fint terreng, rolig og halvopen skog. men ingen ryper å sjå :-)
Beinstrekk!
Written by Eikås 24.08.2024 22:01Høyrast kjent ut!! :)
Sv: Beinstrekk!
Written by kobbenes 24.08.2024 22:29Beinstrekk må ein ha :-D