Årdal, Fleskedalsnosi m.fl. (01.08.2024)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Skarbottsnosi (1.693m) | 01.08.2024 12:06 |
---|---|---|
Fleskedalsnosi (1.780m) | 01.08.2024 12:54 | |
Nord for Fleskedalen (1.610m) | 01.08.2024 14:07 | |
Øst for Friken (1.506m) | 01.08.2024 14:40 | |
Uradalsvatnet S1 (1.358m) | 01.08.2024 16:38 |
Ny tur i Jotunheimen på andre av to feriedagar midt i veka. Nytt for meg å gå tur frå Koldedalen. Fint å gå innover, og Uranostinden er umåteleg vakker tett på. Vi gikk opp eit skar, fyrst på Skarbottnosi, så nedatt, og opp på «Fleskedalsnosi». Namnsettinga på denne er truleg feil. No har eg nytta namnet Fleskedalsnosi, fordi det er namnet som automatisk kjem opp frå Peakbook. Kartverket nyttar Skarbottsnosi, som må vere feil. Skarbottsnosi må vere 1693-toppen. Etter innspel basert på lokal kunnskap over tid, har fjellryggen namnet Fleskenosi, og då bør høgaste toppen bere namnet Fleskenostind. Greitt ned frå denne, nytt skar, og opp til Nord for Fleskedalsnosi (som burde hatt namnet Nord for Fleskenostind, eller Fleskenosi, sidan den er nest høgast, og høgast før «Tinden»). Ikkje så lett med stadnamn. Denne toppen (dagens nr. 3), såg bratt ut på avtand, men fjellet legg seg. Brattare ned frå denne enn førre, men lett å finne ei grei rute. Ein liten rast i skaret, og lett opp til fjerde topp, Øst for Friken. Nydeleg utsikt heile vegen. Baksida av Stølsnostindane fasinerar. Vakkert. Så slapp vi oss ganske fint på skrå i retning Fleskenosdalen. Fint å gå inn denne dalen. Bratt opp ved foss, men her er det DNT-sti. Ove gikk over Snøggeknosi frå fjellfoten. Mine lårmusklar byrja å bli tunge etter knapt 27 km og 1700 høgdemeter i går, så eg rusla fint tilbake til Koldedalen. Flott lys på foten av Uranostinden. Då eg var framme ved bilen var det kun 20 min. å vente til Ove var ferdig med sin 5. topp for dagen. Nydeleg dag og ei stor oppleving i fjellheimen.
Benutzerkommentare