Store Hånosi (28.07.2024)
Skrevet av ersystopo (Erlend Råheim)
Bestigninger | Store Hånosi (1836moh) | 28.07.2024 |
---|
Om det vart godvêr denne sundagen, haldt eg Stora Hånosi, som har plaga meg sidan eg oppdaga ho på kartet, som eit høgare rangert alternativ enn oppryddingstur i Jotunheimen Sør (og definert som noko rett utanfor Maslowske basalbehov). Såter i Sogn er ei drivkraft som ikkje kjem fram av noka PB-samlarliste. It goes far beyond.
God parkeringslomme ved bru over Vindhelleelvi. Her er naturen på det mektigaste - oppe på fjellet er det heller flatt. Her er det storisen som har teke tak, og lokalbreane har ikkje gjort mykje med landskapet høgare oppe. Såter i Sogn har ikkje vorte til tårn og pinnaklar.
Start i høg brennesle og med mykje stigning på kort tid. Stimerkinga overraska meg positivt til å byrje med. Fram til eit punkt (stølstuft?) er det eit stølstrim-tiltak som har gjeve mykje blåmerking og ein del rydding. Lenger innover vert det raudmerking. Her er det ofte langt mellom merka. Ein del plassar har buskvegetasjon teke heilt over, og det er 'alltid' stein i botn. Men Vindhelladalføret er ein fin dal.
Eit par urder skal ein og over. Den siste langt opp mot Hadletjørni, der stigning kapittel 1 er gjort unna. Her går stien heilt i den øvre randa. Her er han og på det dårlegaste og er lett å misforstå, særleg på veg ned.
No regnar det. Det har yra ei stund, men no er det noko meir. Og når byga tek slutt, kjem ein kald nordvest. Vestlandet utan skaljakke, ja ja. Dei som veit betre enn yr, får seie det som seiast skal. Eg legg lokk på planane om fleire toppar. Regn, skodde og stifinning kjem til å ta nok energi i dag.
Stiane kjem og vert borte i flanken over osen, og etter kvart vert 1400-meterkota ein god leidetråd. Skodda lyfter seg litt, og eg ser nosi opp til omlag 1600 meter. Nok til å halde ei retning. Eg går bortom nokre nettingbur og noko som ser ut som ein termistor inni ein sylindar. Det er mykje apparatur i norske fjell. Om vi kunne forske oss ut av miljøkrisene ...
Eg går litt for langt nord inn i flanken og må bruke meir energi på brattlende enn ved betre alternativ, lenger sør. So finn eg nokre grøne bakkar der det er slakast frå omlag 1600 m o h, orientert sørsøraust. Før ein må bort i noko meir bratt urd heilt i overgangen til toppartiet. Eg går inn i skodda, og fleire stemningsbilete vert det ikkje.
Eg går sør om ei lita fonn og opp toppryggen. Varden vert synleg på omlag 50 meter avstand. Ikkje det Hurrunganeutsynet eg hadde sett for meg!
Eg rotar i skodda på veg ned frå toppen og ser ned på ei stor fonn som eg ikkje kjenner att. Navi, og travers bort i meir lovande lende. Ein varde stend på toppen av ei urdrenne, men eg går vidare i same høgd. Det tek tid å brekke seg ned her på fuktig stein, men eg finn ei betre råk lenger ned i flanken enn der eg kom opp når eg kjem ut av urda.
Mat, gåande, og litt forbetring av vegvalet i høve til på turen oppover frå Hadletjørni.
Til å byrje med finn eg stien bra i overgangen til Vindhelladalføret. Men etter kvart brukar eg mykje tid på å sjå etter stimerke, og nokre stader tek sauetrakk meg ut på ville vegar. Eg prøver å forbetre tilhøva der eg kan, ved å plante stikk som ligg på bakken på nytt. Men stikka i hardplast vert snart meir skjemmande enn nyttige for orientering i slikt lende, med snøskred og masserørsle. Eg skjønar godt at folk brukar mykje tid på denne turen, for her er det få fartsparti!
Gigantisk softis på Ryfoss. Anbefalast!
Kommentarer
Bra løyst
Skrevet av Esone 30.07.2024 23:40Som «lokal helt» får du meget bra + på val av rute, gjennomføring i delvis skodde, og språkføring på eit noko konservativt nynorsk. Men det er nesten ingen som går denne ruta lenger grunna utrydda rein. Turlaget si rydding mot gamle stølen hjalp deg litt. Ganske identisk rute som eg deltok på i 2005 med kyndig leiing av verkeleg lokal helt. Vi heldt då fram over Hånosi via Bøastølen, og ned ved Bøafossen. Faktisk mogeleg. Framleis gode turar ! :)
Sv: Bra løyst
Skrevet av ersystopo 31.07.2024 22:16Takkar. fann og nokre språkfeil då eg såg over no att. Utilgjeveleg (farbroren, som skreiv Bjørgvin og Litlehamar, hadde snudd seg i grava), men vert retta omgåande.
Det vart ikkje Hurrung-utsyn frå sørvest denne gongen, men ein får sjå kva hausten kan by på. No søkjer eg regnskugge nordafjells i ferie v. 3.0.
Sv: Sv: Bra løyst
Skrevet av Esone 31.07.2024 22:37Hærleg. Skal vere litt humor og ironi her inne. Ser også at du var på Storegut dagen før oss. Shit laust til sist der.