Drakefjellet, Eid, 799 moh (09.07.2024)
Geschrieben von irelun (Irene Lunde)
Besteigungen | Drakefjellet (799m) | 09.07.2024 |
---|
Eg og Elin skulle sjekke ut om vi kunne gå på Raudgrøtegga, via Drakefjellet, frå Heggja. I følge turboka var der fin sti opp til Drakefjellet. Vi fann enkelt kor vi skulle setje bilen, skiltet og stien var der og. Men då vi kom eit stykke oppover, miste vi hovudstien fleire stader. Vi gjekk då tilbake, klatra/klyvde litt her og der, og kom opp til slutt. Då stoppa vi der, uten å gå på Raudgrøtegga.. På veg ned att hadde vi stistarten, og fint driv nedover ryggen (ved sidan av den vi gjekk opp, Åsen). Der og kom vi utav, og saksa oss bortover/nedover blåbærlyngen (gode bær!). Kom til slutt inn på stien att. Konklusjon: vi tar ikkje med turfølge der... Men fin trimtur.
Benutzerkommentare