Horgehorna (25.07.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 00min
Distanse 12,7km
Høydemeter 1144m
GPS
Bestigninger Horgehorna (1505moh) 25.07.2024 17:33
Horgehorna sør (1503moh) 25.07.2024 17:44

Tur med bekjent i jobbsamanheng i dag. Valde Horgehorna frå kyrkjene på Borgund. No er det i overkant vegetert på tidleg fase av stien, men i juli månad blir det ofte slik. Stien treng noko re-merking og lett rydding også. Finare å gå etterkvart, og veldig flott når ein kjem ut av tregrensa og innover mot Øygardsbotn. Valde litt tettare på opp mot fjellet enn ved tidlegare turar. Grei rygg, og no tett og fint varda oppover denne leia. To stokker med raudmerke og. Nydeleg utsikt frå toppen. Bort til minste varden er obligatorisk, sidan det er høgaste punktet. Litt mat og skue, før retur. Valde om Øvre Liastøl for variasjon sin del, og veit at stien ned til Nedre Liastøl er rask. Prøvde oss så på stien ned mot Li. Den mista vi i det vi stod på den. Her er merkinga med raudt fjerna, og nokre forsøk med gult på nytt er ikkje nok. Stien er uframkommeleg. Ja vi fann den ikkje nedover no, og eg kjenner den godt. Vi kom oss litt oppatt til den som går via Voldastølen. Ikkje særleg sti det heller, men greitt merka med blått. Konklusjon blir: Delvis dårleg ruteval ved retur. Noko lengre transport-etappe nedatt til kyrkjene. Men det var no fin tur og kjekt følgje med på turen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.