Torsdag var det meldt godt vêr og dermed duka for fjelltur. Vekkarklokka ringde 05.00 og ei stund etter plukka eg opp Morten som då sto klar. Sekkane var pakka med mat, drikke, ekstra klede og noko tryggingsutyr. Dagens turmål var Slettmarkpiggen. Denne ligg mellom Bygdin og vestenden av Gjende. Me starta frå Eidsbugarden litt over kl. 7, og vandra ein times tid langs Bygdin i ein sti som var prega av myr og søle. Deretter bar det opp bakkane til brua der me kryssa elvi Høystakka. Terrenget flata ut og det var fint å gå innover. Slo av ein prat med fleire turgåarar under vegs. Alle helsar og snakkar med kvarandre i fjellet. Etter kvart tok me opp Uksedalen på stien mot Torfinnsbu. Midt oppe i dalen kryssa me elvi og vidare opp bakkane på andre sida. Vel oppe på fjellryggen gjekk underlaget over til stein og ur. Store steinflater gjorde det lett og gå. Kl.11.40 sto me på Slettmarkkampen, 2032 moh. (Var eit av turmåla i Årdal Turlag sin Støls og topptrim, førre sesong).
Me var spente på nedstigninga før me kunne halda fram mot målet vårt. Me hadde med tau, og valde å sikra oss, då det var noko «augart» her. Vidare på meir stein og ur og eit lite klyveparti før me nådde toppen. Me møtte fire andre som var i same ærend, så det vart litt fjellprat og fotografering.
Etter vel 11 timar, 1322 høgdemeter og 25,7 km var me attende til Eidsbugarden og til ein forfrisking på Fondsbu.
User comments
Lang anmarsj!
Written by JonnyA 18.08.2024 09:06Takk for det! Ja, det var ein flott tur dette, trass i lang anmarsj.
Flotte bilder !
Written by arnewo 17.08.2024 11:31Nydelige bilder i flott vær og bra omgivelser �