Fønnhusknatten (23.07.2024)
Geschrieben von ersystopo (Erlend Råheim)
Besteigungen | Fønnhusknatten (541m) | 23.07.2024 |
---|
Nedatt frå fjellet og ein topp på vegen. Parkering so diskrét som mogeleg ved Valdres Skog. Det sit fjern slekt på kontora her, og for alt eg veit, i hogstmaskinane og.
Kjerrevegen på kartkopien er eit hogstslep i marka, med hjulspor og utan stipreg. Oppe mot Kyrstrupen går det eit slepsystem austover som ikkje byr på noko tydeleg punkt der ein skal take av, og då eg tykte traversen dro meg langt nok aust, tok eg opp i veglaust lende. Etter litt nestan-klyving sto eg på toppen. Noko utsikt, men litt stress med byrjande regn gjorde at eg gjøymde å take bilete.
På returen fann eg heller ingen varig sti, bortsett frå nokre meter før eg kom ned att på den same driftsvegen. Dette var nok 'den mest brukte vegen' som vert nemnd i omtalen av tinden.
Kommentarer