Kupefjellet (24.07.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Kupefjellet (1.486m) | 24.07.2024 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Kupevatnet utos bru (783m) | 24.07.2024 |
Legestøylen parkeringsplass (349m) | 24.07.2024 | |
Longevasshytta (805m) | 24.07.2024 |
Kupefjellet er nok ein av dei toppane eg har studert lenge på korleis ein på ein enkel måte kan komme opp. Det er lite beskrivelse av turen opp. Men eg fekk tips ein gang om at det gjekk å gå opp langs Trollekupeelva. Det ville nok spare ein del km (og forhåpentligvis litt tid). Det var rimelig bratt opp lia, men fann ei grei rute opp, litt til høgre for elva.
Vel oppe i Trollekupa studerte eg på om eg skulle gå rett opp til Kupefjellet, eller ta ei lita omveg. Eg såg det lettaste å gå til venstre og opp på ryggen for så å gå opp til toppen. Det er nok kanskje nokon som vil sei at det er like lett å gå rett på. Men men. Etter å ha funne ei grei rute opp vest for vatnet på 1147m, så var det å sikte seg inn på Kupefjellet. Terrenget oppe på høgda er greitt å gå.
I returen hadde eg tenkt å gå ned lia sør for toppen på 1379moh. Eg fann ei rute ned, sjølv om det vart litt "fram og tilbake", så kom eg ned til slutt.
Ein liten stopp innom Longevasshytta før eg vende nasen ned mot Legestøylen og bilen. Ruta ned frå Blåskaret via Longevasshytta gjekk som ein leik etter å ha kava for å finne gode ruteval. Eg må innrømme at det er ganske deilig å finne ein merkt sti etter mykje fram og tilbake.
Benutzerkommentare