Loddo og Adlesi (18.07.2024)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Loddo (243m) | 18.07.2024 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Adlesi (225m) | 18.07.2024 |
Loddo parkering (20m) | 18.07.2024 |
Vi starta frå hotellet og reiste mot Krokeide og tok ferga over til Austevoll. Følelsen av å treffe maks på turmål med tanke på vær, kunne ikkje vore betre. Fjorden var so og seie blikkstille, det gjekk an å være ute på dekk og berre nyte varmen frå sola og utsikta utover sjøen og havet og med vissheit om at været heime kanskje ikkje var det beste.
Det var på tide med ny dagsturhytte: Adlesi i Austeoll, bonusen er at vi då besøkte Austevoll sitt høgaste punkt. Vi parkerte ved god parkeringsplass og fulgte gruslagt sti fram til stiskille. Vi valte den lengste ruta opp ettersom den skulle være minst bratt (trudde eg). Vi fulgte merka rute opp og det var stort sett lettgått, med unntak av ei bratt kneik. Det var for såvidt fint å gå oppover.
Tårnet på Loddo er nok laga for små og nette folk utan sekk. Eg hadde med rumpetaska opp og kom meg så vidt opp på grunn av den smale trappa. Det var litt betre utsikt frå toppen av tårnet enn nede på bakken. Men eg kjente det kila litt i magen på grunn av høgda på tårnet.
Etter å ha vore på toppen fulgte vi sti ned til Adlesi, som er dagsturhytta i Austevoll kommune. Denne har fått namnet ettersom det er Alle si hytte. Godt merka rute nedatt til stikrysset, sjølv om den kanskje var hakket brattare enn stien opp, så var den ikkje så veldig bratt.
User comments