Prestakvile (17.07.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besuche anderer PBE | Prestakvilet (43m) | 17.07.2024 |
---|---|---|
Ådland kyrkje p-plass (6m) | 17.07.2024 |
Værmeldingane heime var ikkje dei beste, så då var det best å komme seg nærare finværet. Vi vende nasen sørover i fylket og fann ut vi kunne besøke nokre dagsturhytter i gamle Hordaland. Vi starta på onsdag ettermiddag/kveld med dagsturhytta i Samnanger ettersom den skal være lett å gå. Vi parkerte ved kyrkja og fulgte god veg og vidare på sti til dagsturhytta. Denne låg fint til ved Kvernesvatnet og det er mogleg å låne kano gratis for dei som ønskjer det. Det gjekk sti vidare forbi hytta og vidare til Hellenaustet og Skutevika. Vi tok likegodt å besøkte begge vikene. Det var tørt og fint å gå til dagsturhytta, ikkje så tørt og fint vidare, men ellers greitt å gå. I Skutevika var det fint å bade også, så vi tok ein dukkert før vi vende nasen tilbake til bilen og til hotellet.
Benutzerkommentare