Vang, Øyre og Ørnenøse (20.07.2024)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Sauehaugen (1,399m) | 20.07.2024 13:19 |
---|---|---|
Øyre (1,674m) | 20.07.2024 14:03 | |
Ørnenøse (1,690m) | 20.07.2024 14:46 |
Nydeleg tur i god varme med t-skjorte og shorts heile vegen. Valde stien mot Kljåen fram til det var naturleg å sikte inn på Sauehaugen. Bratt ned frå denne, men det var trakk/sti og greitt. Gikk vidare tett på undersida av neste haug, og kom i fin posisjon til berget, og det brattaste partiet. Opp ryggen på hyller litt att og fram til eit flatere parti med fleire tydelege renner. Klauv greitt det korte klyvepartiet, og så straks oppe. Litt stigning til, så litt ned i skar, og lett opp til Øyre. Vidare i greitt steinterreng bortetter. Gikk meg på ein reinsflokk. Litt sky var dei. Så ned i skaret, og opp til Ørnenøse. Flott utsikt på turen frå toppane og undervegs til nærfjella, og Jotunheim-veggen. Valde ruta ned mot stien frå Kjåen på retur. Det var ikkje spesielt bratt, men her var vier-område. Det gikk eg klar av, ved å lese terreng, og etterkvart på sti/trakk nedover. Så var det transportetappa nedatt til bilen. Men dette var da mykje meir enn det. Veldig flott å sjå dei bratte skrentane som fjella Øyre og Ørnenøse har på austsida. Frå eg kom til DNT-stien var det 5,8 km til stølen der bilen var parkert. Veldig fint å sjå mot Grindane og høge fjella i Vang på returen og.
Kommentarer