Veslepiggen via Porten (13.07.2024)
Geschrieben von Grisapen (Tore Hirth)
Besteigungen | Vesle Galdhøpiggen (2.369m) | 13.07.2024 |
---|---|---|
Nunatak øst for Porten (2.214m) | 13.07.2024 | |
Besuche anderer PBE | Juvasshytta (1.841m) | 13.07.2024 09:37 |
Nydeleg dag for å komme seg på Veslepiggen for første gong. Køyrte frå camping i Lom til Juvasshytta rundt kl. 09.
Turen gjekk frå Juvasshytta til Styggebrean, over breen i tomannstaulag og til Portpiggen(Porten), herfrå klatring opp på Vesle Galhøpiggen(Veslepiggen).
Klatringa blei gjort på 3 lange taulengder i tillegg til 1 taulengde på slutten som var svært kort.
Kunne med fordel hatt 4 taulengder for å unngå ein del taudrag, første taulengde er mest utsatt for dette.
I tillegg møtte me på kjentfolk som hadde klatrekurs opp same rute, dei delte både bolle og kaffi på toppen og me fekk skyss i taulaget på returen over Styggebrean.
Det blei ein særdeles flott og varm dag!
User comments