Overnattingstur i Jostedalen (11.07.2024)
Skrevet av Steingeita (Synne Renkema Orheim)
Bestigninger | Sprangdalseggi (1721moh) | 11.07.2024 |
---|---|---|
Sprangdalseggi vest (1713moh) | 11.07.2024 | |
Vangsen (1757moh) | 11.07.2024 | |
Andre besøkte PBE'er | Bergsetbreen (1500moh) | 11.07.2024 |
Jostedalen camping (195moh) | 11.07.2024 | |
Nigardsbreen (500moh) | 11.07.2024 | |
Nigardsbreen p-plass (290moh) | 11.07.2024 | |
Styggevatnet parkering øst (1140moh) | 11.07.2024 | |
Vanndalen parkering (1050moh) | 11.07.2024 |
11.7 -13.7 2024'Torsdag: På torsdag køyrde vi til kaupanger får å fare på vite meir. Samme dagen køyrde vi opp i Jostedalen og gjekk ein kveldstur til bergset breen. ca. 3km kvar vei. Vi overnatta i telt ved Jostedalen camping.
Fredag: Fredag køyrde vi opp til styggevatnet og gjekk på sprangdalseggi. Turen inneberte mykje klyving og det var gøy. Frå toppen såg vi bort på Lodalskåpa der det var litt skyer, men det letta så vidt sånn at vi fekk så. Då vi kom ned at køyrde vi til parkeringa til nigardsbreen for å gå på bretur. Der var det kjåka fult av turistar. Vi gjekk bort til breen og tokk på oss utstyret. Vi gjekk ikkje så langt på breen for klokka var begynt og bli mykje. Då vi kom tilbake til parkeringa hadde vi gått 12 km totalt, begge turane. Vi køyrde ned at til campingen og pakka ned teltet og køyrde opp i vanndalen og sov ved vanndalsvatnen.
Laurdag: Hadde vi egentlig tenkt å gå samme runden på 18 km som kroksleiven hadde gått før men fant ut at det blei litt langt sidan vi hadde gått på tur 2 dagar på rad. Då valgte vi 1 av toppane på runden og det blei Vangsen. Det var ein kjempefin tur. På toppen såg vi mykje fine fjell og i dag var det ikkje skodde på Lodalskåpa. Vi fekk og sjå Store austabotntind og mange andre fine fjell. På veg ned fekk vi nytta mykje av snøven til å skli på skona ned. Det var nesten det beste med turen. Då vi kom ned at var vi så varme at vi tokk og eit bad i vatnet. Før vi pakka ned teltet og for på bresentere. Så køyrde vi heim att til Stårheim.
Kommentarer