Lauvkollen og Breiliflaka (11.07.2024)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Lauvkollen (704moh) | 11.07.2024 13:27 |
---|---|---|
Breiliflaka (702moh) | 11.07.2024 13:50 | |
Nord for Sandtjern (654moh) | 11.07.2024 14:13 | |
Hesteskotjernåsen Sørøst (678moh) | 11.07.2024 14:21 |
Køyrde opp Breilivegen, kr 60 autobom, og Djupengropveien, kr 40 Vipps. Stor flat parkering. Ski-område her om vinteren, og sti-område til fotturar. Fyrst ca. ein km på grusveg, så til venstre, bak ei hytte, så traktorveg litt til, før merka sti inn til venstre. Kuppert sti i lett terreng. Blautt, og ekstra slik i nokre myrområde. Passerte fleire vatn, der stien tangerte to større av dei. I eit stikryss må ein ta til venstre.Ver obs der. Når ein kjem til ei større hytte (Sandvollen), ta til venstre rett etter hyttehjørnet. Her var også skilta. Sti-området var rett merka med blått heile vegen, og to blå ringar ved sti-kryss. Sikta på Lauvkollen når avstand viste 544 meter. Ingen sti dit. Fann ei grei rute til topps. Ingen utsikt, kun «skau». Retur mot stien att, fyrst etter same rute, men dreia litt til sist for å korte inn. Perfekt val. På den merka stien vidare til Breiliflaka, som kunne by på bittelitt utsikt. Ein stolpe med mange stadnamn, tyda på mykje nytta turmål på ski. Straks retur, som sett bort frå dit kort strekk i starten, følgde samme ruta tilbake. Det fasinerande med turen er at ein går i eit Naturreservat. Personleg vurderar eg slike «skau-turar» på austlandet som noko kjedeleg. Gi med heller høgfjellet.
Kommentarer