Gråfjell, Ranten og Høgevard (08.07.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 22min
Distanse 18,1km
Høydemeter 1059m
GPS
Bestigninger Gråfjell (1466moh) 08.07.2024 12:15
Gråfjell Sørøst (1427moh) 08.07.2024 12:27
Ranten (1419moh) 08.07.2024 12:56
Høgevarde (1459moh) 08.07.2024 13:58

Ferie, og ærend på Notodden i morgon. Vi køyrde opp til parkering før Gulsviksetra, og overnatta der frå søndag. Grunna regn vart avreise sett til ca. kl 10:30. Fyrst vel ein km på grusveg, før det blei sti. Gikk i eigne tankar, og gikk forbi skiltet merka Høgevarde fyrst. Merka det etter 150 m heldigvis. Grei sti oppover fjellet. Stikryss Høgevarde til hø., og Gråfjell til ve. dukka raskt opp. Fint å gå på rygg attmed elva oppover. Det flata ut, og dreia mot høgre. Sti heil til toppen, som viser seg markert til sist. Ein enorm varde oppå der. Tok med sørøst-toppen på retur. Nede ved det flatare partiet, sikta eg mot Ranten. Fint å gå på grasbakke, og låg lyng til toppen. Dette partiet, var det einaste utan sti i dag. Fint vidare. Etter litt kom ei 5 minuttars regnbyge når eg var nede ved stikryss. Det viste Tempelseter i begge retningar. Litt nedover i dalføret, før ein noko lang bakke oppatt til om lag 1400 moh. Bikkja over horisonten, og var like ved turisthyttene Høgevarde. Kjapt rundt vatnet, og lett til toppen. No transport-etappa nedatt til bubilen. Denne var 4,7 km, og lenger enn forventa. Heile runden bikkja 18 km, meir enn dei knapt 15 eg hadde stipulert. Men ein fin rundtur dette. Veret var skiftande. Litt solgløtt, og bygever innimellom, som eg var heldig med at nådde meg i liten grad. Tabbe då vi forlot parkeringa. Gløymde klossen som låg under eine bakhjulet. Lyt hente om nokre dagar. Men om nokon les, så ta den gjerne med, så kan eg få den att seinare. PS: Vi køyrde opp tre dagar seinare og den var fjerna. Sjekka også renovasjons-området. Svakt.

Ranten, sett på veg mot Gråfjell. Eg dreiar til høgre fyrst no.
Ranten, sett på veg mot Gråfjell. Eg dreiar til høgre fyrst no.
Gråfjell.
Gråfjell.
Enorm varde på Gråfjell.
Enorm varde på Gråfjell.
Rett over horisonten, etter sti opp flanken mot Høgevard, dukkar turisthyttene opp, like ved.
Rett over horisonten, etter sti opp flanken mot Høgevard, dukkar turisthyttene opp, like ved.
Høgevard.
Høgevard.
Ranten til venstre, og Gråfjell lengst borte til høgre.
Ranten til venstre, og Gråfjell lengst borte til høgre.
Neste oppe på Høgevard no.
Neste oppe på Høgevard no.
Ranten. Teke tilbake mot, etter passering Høgevard.
Ranten. Teke tilbake mot, etter passering Høgevard.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.