Vang, Skyrifjellet og Kyrklanten (01.07.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 07min
Distanse 22,0km
Høydemeter 1156m
GPS
Bestigninger Skyrifjellet (1560moh) 01.07.2024 14:49
Kyrklanten (1432moh) 01.07.2024 15:41

Fyrste etappe 6,5 km på offroad-sykkel. Frå 660 til 1250 moh. Måtte gå av sykkelen og trille korte bratte parti, men stort sett på hjul opp. Inn skaret der det flata ut, var det nokre globar til overnatting. Parkerte sykkelen etter 1:15. God utsikt derifrå. Gå-etappa var 9 km samla. Fint inn dalen attmed elva. Mange småflokkar med tamrein som beita. Dei trakk forsiktig opp og til sides når eg nærma meg. Svak og jamn stigning inn, men litt brattare og ur til sist. Toppa Skyrifjell 38 min etter fyrste gå-etappe. Fin utsikt mot dei store fjella over Vang. No vel 50 min til Kyrklanten. Noko ur innimellom, men fint å gå. Flott utsikt ned i Sanddalen. Gikk vidare ned ryggen av toppen, og sikta meg inn på eit skar, for å sleppe for mykje grusveg til der sykkelen venta. Sykkelen trilla lett ned bakkane. Måtte vere konsentrert. Var forsiktig tre gonger, då eg møtte på sau. Viktig å gå av sykkel og god-prate litt med dei. Ca 20 min. nedatt til bilen. Fin runde, og greitt med sykkel, sjølv om det er ei tøff økt opp.

E16 snor seg opp mot Filefjell. Skørsnøse til venstre.
E16 snor seg opp mot Filefjell. Skørsnøse til venstre.
Fin lei mot Skyrifjellet. Toppen til venste etter ein har komme inn skaret.
Fin lei mot Skyrifjellet. Toppen til venste etter ein har komme inn skaret.
Flotte storfjell rundt Vang.
Flotte storfjell rundt Vang.
Mot Kyrklanten.
Mot Kyrklanten.
Nærare Kyrklanten no.
Nærare Kyrklanten no.
På Kyrklanten. Mot nord/nordvest.
På Kyrklanten. Mot nord/nordvest.
Ned Sanddalen. Vennis høgast, noko til høgre for midten.
Ned Sanddalen. Vennis høgast, noko til høgre for midten.
Vi ser tilbake på Skyrifjellet.
Vi ser tilbake på Skyrifjellet.
Mot Suletinden. Ein flokk Rein i vegen.
Mot Suletinden. Ein flokk Rein i vegen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.