På Sightseeing i Florø (30.06.2024)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Lilleåsen (63moh) | 30.06.2024 |
---|---|---|
Storåsen i Flora (100moh) | 30.06.2024 |
Vi nytta litt halvdårlege værmeldingar til å ta ein tur på "trimpoengjakt" i Florø by. Fordelen med å delta på trimpoengjakta til Florø, er at ein plutseleg oppdagar nye ting og nye stader. Vi besøkte eit par stader, blandt anna "Den hemmelege kanona", som er ein kanon etter krigens dagar ikkje langt unna Gunhildvågen. Så blei det ein "innsjekk rett ved Flora vgs, Kleivahøgda. Der stod det ein benk og hadde litt usikt. Så blei det tur på Storåsen og Lilleåsen i tillegg rundt Lillevannet. Turen opp til Storåsen hadde ein liten avstikkar "Knapstadnuten", med ein sti eg ikkje har prøvd før. Neste stopp vart Brendøya, før vi avslutta på Sørstrand med eit bad for å toppe det heile. Ettersom eg egentleg er mest glad i å besøke ulike stader, så er målet mitt ikkje å få flest poeng, men å oppdage nye stader. Uansett så er trimpoeng i Flora turlag veldig allsidig og passar alle, alt etter form. Det viktigaste er at det oppfordrar folk til å komme seg ut ein tur i frisk luft.
Kommentarer