Gyranfisen (20.06.2024)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
Bestigninger | Svarttjernskollen (1054moh) | 20.06.2024 12:31 |
---|---|---|
Svarttjernskollen nord (994moh) | 20.06.2024 12:42 | |
Gyranfisen (1126moh) | 20.06.2024 13:48 | |
Venekollen (994moh) | 20.06.2024 14:48 | |
Vikerfjell (1039moh) | 20.06.2024 15:20 | |
Andre besøkte PBE'er | Store stein (947moh) | 20.06.2024 13:26 |
Ja berre namnet er jo verdt ein tur. Neida. Val av tur har med at det alltid er interessant med ein 500 pm + topp. Så har vi ferie, og med mål forbi området. God grusveg opp på fjellet der vi parkerte bubilen kvelden før. Eller heller skogen enn fjellet. Tett gran og bjørkeskog, og sjølv om det er mange hytter, så ser vi berre eit få. Eg hadde følt meg litt innestengt. Så eg var spent på turen. Fin sti opp eit dalføre. Ja mykje skog her, men den slapp taket ved ca. 950 moh. Så då blei det fjellandskap opp til fyrste topp. No kosa eg meg. Så litt utanomsti for å plukke ei grøn nål. Vidare litt ned i myr og skogsområde, som transport-etappe mot fjellfoten av Gyranfisen. Stor stein der, og med tavle som beskreiv ski-ruter. Fint og gå til toppen. Tok 10 minuttar pause her. Tja, det er jo landskap som ein kan kose seg med her også. Retur same veg ned til vatnet. Her bestemte eg meg for å ta fjellryggane på retur. Dette i staden for nedatt i myr og skogs-holet. Godt val, sjølv om ruta ved vatnet var tvilsom. På den måten at det var lite sti, litt tett med kratt, og mykje myr. Men kort parti, så det gikk greitt. Etter vatnet var det svært godt merka. også skilta til ulike turmål etter kvart. No kosa eg meg i fjellandskapet bortetter mot Vikerfjell. Kjapt opp på toppen Venekollen, utanom sti. Finaste toppen i dag. Opp til Vikerfjell blæs det kraftig, ja slik at det røska i kroppen. Men vind kan ein tole, når det ellers er sommar, og sikkert 13 -14 grader på fjellet. Så bar det nedatt og tangering av ruta mot parkeringa. Storkosa meg innimellom på denne turen. På trass av vind innimellom. Kjekt når ein kan finne litt ruta sjølv, slik i ukjent landskap. Og fjellrygg er betre en myrdalar. Då var dette området utforska.
Kommentarer