Vardane i håplaust vær (09.06.2024)  2

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 51min
Distanse 8,5km
Høydemeter 702m
GPS
Bestigninger Vardane (776moh) 09.06.2024

Køyrde frå Ørsta til Molvær og parkerte ved Vasskummen. Det regna og det var dessutan meldt striregn heile dagen, men eg hadde no berre denne dagen til disposisjon, så det fekk stå sin prøve. Hadde sjekka spora til lyngve, sidan dette må vere «hans» topp, og valde kortaste veg rett opp. Det var null sikt etter Molværtjønna dessverre. Eg gjekk jamnt på, og brukte likevel 1 t og 25 opp. Eg har sett lyngve brukar 1 time og 40 opp og ned, så eg regnar med at dette er ein kar i superform!
Det bles kraftig på toppen, og eg fekk no eit inntrykk av topplatået med mange vardar. Dei fine grasbakkane rundt toppen og dei bratte sidene til alle kantar gjer nok denne toppen heilt nydeleg i godt vær. Synd då at eg kasta den bort på ein så våt og grå dag.
Vonhytta var open og unte meg ein vaffel og toddy. Eg var for våt til å bli sitjande lenge, og etter råd frå dei hyggjelege hyttevaktene, gjekk eg grusvegen nedatt.
8,5 km, 702 hm, 2 t og 50 inkludert pausen på hytta. Gjekk aleine.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Vil gjerne ta ein reprise ja!

    Skrevet av bakken59 15.03.2025 20:34

    Men dette kommunetopprosjektet har jo været som ein kompliserande faktor. Køyrde bil frå Mo i Rana på torsdag og fredag, og hadde sikta meg inn på toppen i Nærøy på veg forbi. Men då vermeldinga sa tungt snøvær og sterk kuling, var det dessverre berre å dra forbi!

  • -
    avatar

    "Min" topp

    Skrevet av lyngve 15.03.2025 14:36

    Ja, er min lokale trim-topp dette her :-) Synd du hadde så dårlig vær. Du får komme tilbake en annen gang !

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.