Sollia - Herøy og Sande (08.06.2024)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Sollia Vesttoppen (660moh) | 08.06.2024 |
---|---|---|
Sollia Østtoppen (661moh) | 08.06.2024 |
Turliv i kombinasjon med dei nynorske festpela er ein god idé. Starta i dag med å køyre til Moltustranda, tulla litt før eg fann rett avkøyrsel (ta Gamlevegen opp til venstre). Så tabba eg meg litt ut ved å parkere på den første turparkeringa eg kom til, eg burde heller ha køyrt så langt eg kom mot bommen og parkert rett før den. Dermed blei turen 1-2 kilometer lengre enn den kunne ha vore, og ekstradistansen gjekk på kjedeleg veg. Men, men: Overskya, men høg himmel og vindstille då eg gjekk oppover vegen, opp til demninga i Mørkevatnet. Så stig på venstre side av vatnet, merka stigkryss etter den første bakken opp fra vatnet, der blei eg leidd mot venstre inn Lisledalen og opp neste kleiv. Ved varden der gjekk så stig bratt oppover mot høgre og toppen. Eg gjekk litt på oppover der, og høgdemetrane merkte eg på pulsen! Etter det bratte partiet skrådde ein fin stig og grasbakke inn mot dei to toppunkta. Eg rasta ved vesttoppen, og tok då på meg regntøy etter å ha sett mørke skyer samle seg i nord. Grei tur nedover der regnet ganske riktig kom i form av ei byge, men før eg var nede ved vatnet igjen, var det sol att.
Ein trosteunge flaug rett mot meg og sette seg på ein grein ein meter unna, mykje leven fra foreldra, men han sjangleflaug og kom seg trygt unna. Møtte éin annan turgåar nede på vegen rett etter at eg hadde starta turen. Flott utsyn her også, la merke til lynglandskapet; her var det ikke mykje skog å sjå!
9,9 km, 474 hm, var bort i to timar og 42 minutt inkludert matpause. Gjekk aleine.
Kommentarer