Breheimen/Luster - Slirevotni (02.06.2024)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Nord for Slirevotni (1.620m) | 02.06.2024 10:27 |
---|
Lavtrykk på veg innover Sunnfjord regionen! Pakka bilen etter dagvakt og susa avgårde til sol og betre ver. Har registrert på peakbook kartet att det er blitt oppdaga ein ny potensiell 100 pf topp i region Breheimen/Luster. Det er då nokon andre som har sett denne toppen. (Så takk til deg for denne turopplevelsen!) Har vore eindel rundt i området tidlegare! Det er ikkje alltid like lett å sjå i terrenget kva topper som akkurat bikker den magiske 100 primær faktoren. Nokre ganger er det lett å sjå og tenke at den må då være ein potensiell topp og ein greier å trykke seg fram på høgdedata. Andre ganger er det vanskelig å sjå heilheita for grunnlaget til å finne ut av pf. Kanskje derfor det vekslar eindel fram & tilbake, over og under!! Kjekt å ha nokon då å diskutere med om kor ligg utlignings punktet i terrenget på kartet. Samtidig som kart detaljer er blitt meir presise og naturen er i stor endring. Spesielt her i distrikta med mykje brear som smeltar i rekordfart.
For å registrere forholda i området, køyrde vi nesten inn til demningen før ei snøfonn over vegen stoppa ei vidare ferd. Ca eit par km igjen då opp til parkering ved demninga til Styggevatnet & Austdalsvatnet 1200-1110 moh Vatnet med to navn og grunnen er: https://no.wikipedia.org/wiki/Styggevatnet
Det vart fot tur med truger på sekken til toppen ved Slirevotni. Det veksla ganske likt imellom snø/fonner og snøfritt terreng. Trugene slapp eg og Inge å bruke. Dei vart med som ein god reserve!
Ein strålande fin tur vart det :)
https://www.youtube.com/watch?v=TiCxqhu9cio

Benutzerkommentare