Inste Håsteinen og Høydalsnipa (31.05.2024)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 43min
Distance 14.9km
Vertical meters 1,160m
GPS
Ascents Inste Håsteinen (964m) 31.05.2024 13:37
Høydalsnipa (933m) 31.05.2024 14:28

Kombinerte jobbærend i Førde og noko avspassering. Håsteinen har eg sikla på eit par år. Det eg ikkje fekk, var utsikt frå toppen, sidan skodda hang ved. Likevel var det natur og variasjon som gjorde turen flott i alle fall. Kom frå nordsida, og tok av ved P-skilt. Om lag 300 meter opp mot gardane, var det tilrettelagt parkeringplass med Vipps-betaling kr 60. Skilta til turmålet, og nytt skilt på sti til høgre litt før ein gard. Det oversåg eg desverre, og rota meg opp på tunet. Stien fekk meg til bru, og over elva. Vidare ein god etappe med gards- og traktorveg til pilskilt. Så gjennom skog og utmark til grind, og sti opp til ny bru. Etter bru var det trakk rett fram, og sti til høgre. Eg følgde sist-nemnde. I ettertid vist det seg at det ikkje var ruta som var gps-merkt på Ut-appen. Men ruta mi var fin den, så den heldt eg på nedatt og. Denne ruta opp til vatn. Så følge eg nytt pil-skilt og kom opp under berga. Inn i eitt spennande gjel med foss og elv, og etter kvart opp på ryggen. Litt overraskande kom eg til eit kraftig opptak med blått tau. Det var hyller og eg kom da opp, men vart litt små-skvetten med det same. Ikkje vanskeleg, men greitt med tau å halde seg i. Vidare opp denne ryggen til det flata ut, litt inn i gjelet att, før eg stod ved fjellfoten. Her var fin sti oppover i vestleg retning. Fint å gå her. Raskt opp til fjell-platået, og eg dreia aust når det flata litt ut. Etter litt speiding etter sti, såg eg nokre trepinnar med raud, som eg følgde. Litt etter tydeleg sti opp til Inste Håsteinen. Veldig fuktig og tett tåke på dette partiet. Plutseleg, flott varde å sjå. Ingen utsikt frå toppen, men det vart noko sikt bortetter fjell-platået, då tåka tok seg ein kort pause. Ganske kjapt retur mot neste mål, Høydalsnipa. Greitt opp til denne, men obs. på at det er litt i overkant mange ulike varde-drag nær toppen. Nokon er sikkert til ruta mot Blåfjellet og Blåfjellsnipa. Fin og grei tur nedatt. Vedig flott langs ryggen, no med flott utsikt. Tau-partiet gikk greitt nedatt og, men eg tok meg litt tid. Siste del nedatt lysna det opp og eg fekk utsikt til Blåfjellsnipa, men aldri til nokon av Håsteinane i dag. Ytste Håstein blir også nemnd Høydalsnipa, nok det rettast namnet, vil eg tru. Godt nøgd med turen i eit fasinerande landskap.

Teke sørover like før brua ved knapt 400 moh. Ser eit jakt-tårn til høgre.
Teke sørover like før brua ved knapt 400 moh. Ser eit jakt-tårn til høgre.
Idylliske Høydalsvatnet, 425 moh.
Idylliske Høydalsvatnet, 425 moh.
Fjellveggen under Høydalsnipa.
Fjellveggen under Høydalsnipa.
Inste Håsteinen.
Inste Håsteinen.
Høydalsnipa og tåka.
Høydalsnipa og tåka.
Flott rygg. Nydeleg utsikt til Høydalsvatnet til venstre og ned mot Høydalsfjorden.
Flott rygg. Nydeleg utsikt til Høydalsvatnet til venstre og ned mot Høydalsfjorden.
Klyvepartiet.
Klyvepartiet.
Ulendt og bratt mot klypevartiet. Men grei sti opp her.
Ulendt og bratt mot klypevartiet. Men grei sti opp her.
Fin liten foss ved berget.
Fin liten foss ved berget.
Flott utsikt ned dalen.
Flott utsikt ned dalen.

Frå brua skal ein gå rett fram i retning Høydalsstølen, gå på nordsida av Myra, og mot vatnet. Eg gikk på sørsida.

User comments

  • -
    avatar

    Eit markant fjell :)

    Written by Eikås 01.06.2024 10:56

    Då var den fri for snø ser eg :) Eg var på fjellet i 2012 Men, såg også lite ifrå toppane! Eg har følgt med litt på kortid den skulle bli snøfri. Mangler logg og litt meir på denne turen. Så er det alltid kjekt å sjå eit område til ulike årstider. Må iallefall sørge for å få utsikt ifrå fjellet då :) Fin tur rapport og så må du ha ein riktig fin sommer! :)

    • -
      avatar

      Sv: Eit markant fjell :)

      Written by Esone 01.06.2024 11:05

      Sikkert lurt med tur utpå dagen dit, med tanke på god sikt. Trur også at eg MÅ dit ein gong til. Takk for helsinga, god sommar, og med nye «tur-eventyr».

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.