Steinheia & Førdsnipa - Manglande bevis! (31.05.2024)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Småærend i Førde før kveldsvakt. Har vore på Steinheia ein gang før og tre ganger på Førdsnipa tidlegare utan at eg har sporlogg eller finn igjen bilder av toppane eller topp punktet. For egen del synest eg det er fint å ha eit komplett bevis på fjellsamlingane mine. Fin temperatur og nokre dråpar i lufta. Det knitra bra under linja då eg passerte den på veg opp til Førdsnipa. Det var merka sti ifrå Hjellestølen til Steinheia. Åleine i området og ingen å treffe på tur.
User comments