"Ikkjefulltså"Høgenibba (14.03.2013)  5

Written by jornjohnsrud (Jørn Humberset)

Start point Hornindal skisenter (380m)
Endpoint Før siste bakken til Høgenibba (1,100m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 720m
Map
Ascents Høgenibba (1,192m) 14.03.2013

Eg og min svigerfar har lenge snakka om å ta turen til denne toppen då den virker å ha ei flott utsikt når det er fint vær. Vi hadde begge fri denne dagen, og vi bestemte oss for å ta ein tur då. Værmeldingane sa at det skulle lette etter klokka 12 og at det skulle bli ganske fint utover dagen, så vi starta litt før 12 for å komme på toppen når det skulle vere fint vær.

Idag gjekk ikkje trekket, og vi fylgde då trekktraseen rett opp. Vi brukte ca 1 time og 20 minutt på å komme opp til toppen av trekket. Derifrå brukte vi ca 1 time og 30 minutt til toppen. Vi fylgde spora til to som gjekk før oss. Dei hadde gått litt vekk frå der som var trakka opp, og rutevalget var bra. Dei kom ned når vi hadde omtrent 45 minutt gjen til toppen. Når vi nærma oss toppen var framleis ikkje sikta noko spesielt bra. Men sidan den preparerte løypa var merka med farga stenger, gjekk vi frå stang til stang. Når vi kom på 1100 høgdemeter var vi komne til enden av den preparerte løypa, og sikta virka ikkje å skulle bli betre i den nærmaste tida. Vi kunne ikkje eingong sjå toppen (som var berre rett bak oss). Dei siste 91 høgdemeterane er ikkje langt unna rett opp, så vi var ganske nærme toppen. På grunn av den dårlege sikta turte vi ikkje å gå siste meterane opp, så vi snudde der. Føret var kjempefint idag og eg vil tru det var iallefall 50 cm med pudder å renne i. Berre dette gjorde turen verdt forsøket. Einaste som mangla var sola. Når vi var komne ned til bilen igjen snudde vi oss opp for å beundre turen, og kva såg vi då? Jau toppen var heilt klar!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.