Litjehesten (25.05.2024)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 47min
Distance 12.1km
Vertical meters 658m
GPS
Ascents Litlehesten (915m) 25.05.2024
Vest for Litlehesten (938m) 25.05.2024
Visits of other PBEs Skaraly (701m) 25.05.2024

Tur med min mann og min søster. Fint å gå no når det er så tørt i terrenget. Noko varmt å gå, men med litt vind, så hjalp det på.
Gjekk via vesttoppen på Litlehesten før vi gjekk opp til østtoppen. Med so heite temperaturar i mai, så er det berre å teste ut vatnet. Det var vel eigentleg heilt til eg såg kor mykje is det var på vatnet. Historien skal ha det til at foreldra våre hadde hatt ein tur på Litjehesten og det var nydeleg varmt vær. Vatnet låg der og blenkte og far min skulle stupe uti vatnet. Det han ikkje såg var isen som låg på vatnet, så han kom fortare opp av vatnet enn nedi. For mitt vedkommande var det nok ganske tydeleg med is på vatnet og det var nok ikkje noko langdryg badetur, kun eit bar dypp før vi gjekk vidare. Hadde ein ny stopp i ei elv nærare Skaraly, der fekk eg dukka nedi saman med turfølget. Litt mildare der, sjølv om det var noko kaldt det også.
Uansett så er det forfriskande med kalde bad på so varme dagar.

Storehesten sett frå stien mot Litlehesten
Storehesten sett frå stien mot Litlehesten
Oppe ved Litlehesten vest
Oppe ved Litlehesten vest
Oppe ved Litlehesten vest. Solheimsdalen og Karstadvatnet der nede
Oppe ved Litlehesten vest. Solheimsdalen og Karstadvatnet der nede
Oppe ved Litlehesten vest. Solheimsdalen og Gjøsetvatnet
Oppe ved Litlehesten vest. Solheimsdalen og Gjøsetvatnet
Litjehesten og vatnet
Litjehesten og vatnet
På toppen av Litlehesten med utsikt mot Dalsfjorden og Storehesten
På toppen av Litlehesten med utsikt mot Dalsfjorden og Storehesten
Isbading i vatnet ved skaret ved Litlehesten
Isbading i vatnet ved skaret ved Litlehesten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.