Nepane, Flokatveitnuten m.fl. frå Løkjelsvatnhytta (25.05.2024)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Austmannanuten (906m) 25.05.2024
Flokatveitnuten (901m) 25.05.2024
Visits of other PBEs Hårlandsnepane (650m) 25.05.2024
Løkjelsvatnhytta (630m) 25.05.2024

Me fekk eit flott helgeopphold på hytta etter å ha kome opp i tett skodde fredag kveld. På lørdagen vakna me til eineståande sommarver og var ute ved Nepane to ganger før eg tok ein ettermiddagstur til Flokatveitnuten og Austmannanuten aleine. Kjekt gjensyn med sistnevnte etter januarturen vår i 2017!

Perlemorgon på Løkjelsvatnhytta!
Perlemorgon på Løkjelsvatnhytta!
Her vert det bading seinare idag!
Her vert det bading seinare idag!
Nepane sett frå nord med Skarstøl i bakgrunnen
Nepane sett frå nord med Skarstøl i bakgrunnen
Frå same staden mot Hårlandsvatnet, Hårland og Litledalen
Frå same staden mot Hårlandsvatnet, Hårland og Litledalen
Nepane sett bakfrå og frå sør
Nepane sett bakfrå og frå sør
Luftig på Nepane!
Luftig på Nepane!
På T-stien med tilbakeblikk mot Løkjelsvatnet med Bordfjellet og Vio
På T-stien med tilbakeblikk mot Løkjelsvatnet med Bordfjellet og Vio
Stølstufter like ved T-stien
Stølstufter like ved T-stien
Straks på Flokatveitnuten med utsikt mot Djupavatnet og bl.a. Nordfjellet
Straks på Flokatveitnuten med utsikt mot Djupavatnet og bl.a. Nordfjellet
På Flokatveitnuten med utsikt mot Stordalen med Hålandshovda og Skredkollen
På Flokatveitnuten med utsikt mot Stordalen med Hålandshovda og Skredkollen
Ved utsiktsvarden litt lenger vest med panorama over Stordalsvatnet, dessutan ser me ned på Kvammen og Håheim
Ved utsiktsvarden litt lenger vest med panorama over Stordalsvatnet, dessutan ser me ned på Kvammen og Håheim
Frå same staden mot Solheimsgrønnuten med Åsbø nedanfor
Frå same staden mot Solheimsgrønnuten med Åsbø nedanfor
Retur frå Flokatveitnuten med utsikt mot Austmannanuten til venstre. Lenger bak sjåast Bordfjellet, Hustveitsåta og høgreiste Bordheia til venstre, og Napen lengst bak til venstre for midten
Retur frå Flokatveitnuten med utsikt mot Austmannanuten til venstre. Lenger bak sjåast Bordfjellet, Hustveitsåta og høgreiste Bordheia til venstre, og Napen lengst bak til venstre for midten
Fornøgd på Austmannanuten!
Fornøgd på Austmannanuten!
Frå om lag same staden mot Løkjelsvatnet
Frå om lag same staden mot Løkjelsvatnet

Denne gangen var det utruleg fint ver og lettgått terreng å rusla i, høveleg lite snø og ditto vegetasjon. Nokre ryper, ein del heiloar, heipiplerker og ringtrostar holdt meg ved lag. Det vart om lag 9 km, 450 hm og 2 timar 40 min på tur og tilbake til ventande utemiddag i hytteveggen. Retur i finver etter frukost og utvask søndag føremiddag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.