Nasjonaldag på sitt vakraste i "bakgården" Jostedalsbreen... (17.05.2024)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Raudskarvfjellet (1,887m) | 17.05.2024 09:53 |
---|---|---|
Storenosa (1,803m) | 17.05.2024 09:53 | |
Tverrfjellet nord (1,838m) | 17.05.2024 09:53 |
Høyr på bekken, koss det sildrar! Tømme vinteren i ei elv. Late tima og lange kvelda. Ligg å venta på dagen som kjem. Sjå sole imot lyset! Tenk så godt me skal ha det ilag! Ligg mjukt i ei eng som gjer nytta si som seng, berre gå hånd i hånd ein sommerdag.
https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ
Dette er nasjonalromantikk, natur & medmenneskelige verdier som står aller høgst av alle verdier i livet. Virkelig er dette som vi har rundt oss av unik natur og kontraster, som ein berre kan drømme om. Det er desse finurlige eventyra som gir livet! Det starter her...



Nydelige meldinger og vårskitur opp Erdalsbreen på tenkte topper ligg inne i nokre fridager og på sjølvaste 17 Mai. Litt folk å treffe med samme driv til desse dagane å nyte det gode veret i storslått natur. Etter jobb bar turen opp til Infimus 880 moh ved Erdalsbreen. Eit fint utgangspunkt for dei tenkte fjella på breen på sjølvaste nasjonaldagen. :) Det har vore veldig høge temperaturer i lengre tider og blåisen var begynt å vise seg. Vatnet var ikkje gunstig å krysse og dei siste snøbruer over elva, smuldra opp i varmen ved enden av dagen. Tausikring var nødvendig i returen over elva, som fossa bra i snøsmeltinga og høge temperaturen.

Hærleg å nyte frukost og vakne opp til sjølvaste nasjonaldagen ved Infimus for vidare ferd til nye fjell og eit lekkert breområde ved Lodalskåpa. Eit par hadde tanker om å gå Josten på langs. Vi snakka med dei på parkeringa og delvis undervegs! Skal tru om dei nådde målet sitt! :)
Med varmen var det bråte-føre og ryggen opp til Tverrfjellet nord 1838 moh var bratt i slusj! Snøeggen var det lite hald i og det var djupe glipper imellom fjell og snørygg. Då første ryggen av Tverrfjellet var nådd, var skuet og forholda til topp punktet med ei slusj- egg lite attraktiv. Topp punktet av Tverrfjellet står seg ifrå den andre kanten, enkelt og greit.


Staselig nasjonalfeiring ilag med Inge
User comments