Moldurda og Dokka (17.05.2024)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 32min
Distance 9.5km
Vertical meters 1,050m
GPS
Ascents Moldurda (837m) 17.05.2024 16:56
Dokka (756m) 17.05.2024 18:24

Start frå parkeringa ved vassverket i Holmedal. På merka sti opp mot dagsturhytta. Derifrå vidare på sti-nett ei kort stund, før eg kom til kryss skilta Moldurda. Det var ei positiv overrasking, sidan eg forventa å finne vegen til topps derifrå sjølv. Lett oppover til eit parti i flanken som var bratt ca. 150 h.m. Til sist flata det ut til stor varde nedom toppen. Litt lenger vest ein liten varde og høgast punkt på fjellet, som er relativt flatt her oppe. Fin utsikt frå toppen. Registrerte "SjekkUt" og skreiv i turboka i postkassa. Erfarar at uventa få nyttar "SjekkUt" som registrering av turmål rundt om. Nesten alle skriv i boka. Eg tykkjer det er kjekt å kunne bla tilbake i UT-appen for å sjå på turane mine. På Peakbook loggar eg berre toppar. Det er dei lokale turlaga som lagar til "turpost", "fjelltopp" og oftast dei som loggar ruter som blir lagt ut på Ut-appen. Saman med GPS-teknologi, gjer det det lettare å finne ruter i fjellområde som er ukjend for ein. Og det aukar tryggleiken. Når ein har smart-telefon og er vand med appar, så får ein det til. Det var dagens reklame. På retur bestemde eg meg for å ta med "Dokka" også. Har vore der før, men den var nær, og eg fekk ferten av primerfaktor :) Jamn og lite bratt sti frå dagsturhytta og opp til nydelege Dokka. Nedatt ryggen er det mykje brattare, men fin sti å gå på, og flott utsikt på ved ned. Super fin dag, med to turar. Fløyen fyrst med salutt då eg gikk nedatt, og desse to topppane no, gav meg knapt 1900 hm. i dag. Det kjendest i låra til sist. Det blir lettare turar i morgon.

Nykshytta.
Nykshytta.
Skimtar profilen på Moldurda.
Skimtar profilen på Moldurda.
Flanken på Moldurda.
Flanken på Moldurda.
Varden nedanfor toppen.
Varden nedanfor toppen.
Blæggja og Storehesten.
Blæggja og Storehesten.
Dokka.
Dokka.
Mot Holmedal.
Mot Holmedal.
Ser tilbake til Dokka på veg ned frå fjellet.
Ser tilbake til Dokka på veg ned frå fjellet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.