Fløyen (17.05.2024)  6

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 2t 42min
Distanse 7,2km
Høydemeter 830m
GPS
Bestigninger Fløyen (761moh) 17.05.2024 12:29

Innertiar av ein fjelltur. Nydeleg og variert tur-løype, og utsikt til spennande og vakker natur. Parkerte ved Dalsfjordbrua nord. Fullt på parkeringa, men lirka bubilen på plass på grusvegen nedover. Utan å blokkere sjølvsagt. Fyrst litt opp, vel 60 moh., men måtte ned nesten til fjorden, før det steig att. Når eg dreia vest i stikryss Fossedalen og Nipebu, var eg på ruta mot Fløyen. Fin sti, ei trapp, og kjetting til sikring eit par stader. Sett bort frå nokre kneikar jamn fin sti til 500 moh. No vart det opp ryggen, og nokre få klyvepunkt, men aldri vanskeleg. På toppen var det 5 personar, og eg møtte også ein på tur ned. Heilt fantastisk utsikt her oppe. Tok bilder, kika rundt og naut dagen. Nedatt storkosa eg meg, veldig nøgd med valet av tur på grunnlovsdagen :) Så vart det litt mat på rasteplassen langs Dalsfjorden i retning Holmedal. Det skulle bli ein tur til i dag.

Fløyen.
Fløyen.
Laukelandshesten med fossen.
Laukelandshesten med fossen.
Fin sti snor seg frå det lyse-grøne feltet nær fjellveggen.
Fin sti snor seg frå det lyse-grøne feltet nær fjellveggen.
Utsikt inn Dalsfjorden frå den breie hylla som går austover.
Utsikt inn Dalsfjorden frå den breie hylla som går austover.
Dalsfjordbrua og Dale.
Dalsfjordbrua og Dale.
Bjæggja i sentrum. Ein blir mållaus av den vakre naturen.
Bjæggja i sentrum. Ein blir mållaus av den vakre naturen.
Mot toppunktet.
Mot toppunktet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.