Perfekt maidag til Hjelmen (15.05.2024)  6

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 43min
Entfernung 7,0km
Höhenmeter 774m
GPS
Besteigungen Hjelmen (977m) 15.05.2024

For ein dag! Etter Pyttegga overnatta vi på Thon hotell i Surnadal - deilig med dusj og komfort etter tre dagar på tur og dnt-standard. Etter god frukost køyrde vi til Settemsdalen og følgde t-merkt stig til toppen av Hjelmen. Fantastisk nydeleg dag. 17 grader og vindstille kl 10:30 då vi begynte å gå. Det var ikkje mykje flate parti oppover, jamn stigning heilt til topps, først gjennom bjørkeskog - med ny blåbærlyng og kvitveis - så over tregrensa med tidvis ganske bratte parti mot slutten, måtte bruke hendene og klyve nokre stader. Det lufta litt då vi kom over tregrensa, men det var i praksis vindstille då vi hadde drikke- og fotopause i 30 minutt på toppen. Fjorden låg blikkstille, kvite imponerande snøfjell i sør og øst, og vi kunne kjenne att Ruten og Innerbergsalen i vest og nord, men strevde med å skille dei store fjella i sør og aust frå kvarandre.
Vi brukte 1 time og 37 minutt opp, og med pause og roleg nedtur var vi borte i 3 timar og 43 minutt, og gjekk 7 km, 774 hm. Anne og Eirik var med. Biltermometeret viste 24 grader då vi kom ned til bilen igjen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.