Ny dag med temperaturar over 20 grader. Hadde fått med meg at det gjekk an å gå på Smådalsnipa, sjølv med litt snø oppover. Flott å gå og ikkje så mykje vind. Er ikkje ofte vi kan gå i shorts og singlet i starten av mai. Brukte dei nye hikingskoa eg kjøpte førre veke og startar å bli vane med dei. Eg har vanlegvis valt Salomon kvart gong. Desse er gode og eg har aldri fått gnagsår av dei. Problemet er likevel at dei er litt smale og det går hol på sida av skoa. Denne gongen blei eg anbefalt Merrell. Desse er mykje meir romsleg på foten og det må nok gå litt tid før eg vert vane med dei, men eg reknar med det skal gå seg til.
Det såg ut som det var litt snø oppover bakkane, men det var mindre enn det kunne sjå ut. Eg må innrømme at etter turen på Skogstadfjellet var ikkje det så fristande å gå å vade i snø. Nokre snøfenner måtte eg passere, men eg gjekk fint oppå snøen utan problem.
Fleire hadde funne turen opp til Smådalsnipa denne dagen. Det vert nok mykje trafikk oppover der i år sidan det er ein av Titur frå Indre Sunnfjord turlag.
Etter turen skifta eg til badetøy og tok ein rask dukkert ved Sanden i Naustdal. Forfriskande og godt.
User comments