Storekvæven frå telt ovanom Venavatnet (04.05.2024)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Sør for Krøysatjørna (807m) | 04.05.2024 |
---|---|---|
Sør for Lågahei (816m) | 04.05.2024 | |
Besuche anderer PBE | Minnesmerke Austre Målandsstøl (650m) | 04.05.2024 |
Teltmorgonen i Røsselia var det oppstode i 7-tida, og ikkje uventa var austavinden om lag den same som dagen før. Etter ein enkel frukost pakka eg klede og mat for turen innover i Krøys, og alt før 7:30 var eg på veg ned til brua over Straumane. Turen langs Krokavatnet og opp til Krøysatjødna hadde eg aldri gått før, men som venta var det god sti og lettgått gjennom fjellbjørkeskogen. Skogen var så vidt begynt å grønnast, og fuglesong var det ein del av sjølv om det truleg går ei veke eller to før det tek heilt av. Det same må kunna seiast om nattelivet i Røsselia som var mykje mindre enn for tre år sidan då eg var tre veker seinare ute. Ein av dei få lydane eg høyrde frå teltet kan ha vore lom, og eg syntest eg kunne sjå to høvande silhuettar i Venavatnet om morgonen, men det vert med mistanken.
Vel oppe ved Krøysatjødna tok eg nokså beint opp på sekundærtoppen sør for Lågahei som eg óg var oppom for tre år sidan. Men denne gangen gjekk turen vidare sørover dei andre to av desse trillingtoppane, der den første er smykka med ein flott grensevarde mellom Hjelmeland og Forsand (nå Sandnes). Det er i alle fall fire andre slike mellom Bergeheia og Krostølfjellet som eg kjenner til, og dei er alle bygde etter same lesten. Det er óg ein tilsvarande varde på den sørlegaste toppen, endå grensa ikkje går over sjølve toppunktet her.


Det var mogleg å ta seg småbratt vidare sørover og ned mot heia der Gamlestølen skal ha lege. Her har langt større ekspertar frå Jørpeland vore på leit etter spor etter stølen utan å finna noko, men at det har vore godt beite på denne sørvende gras- og lyngheia i både gamle og nyare tider, er det inga tvil om. Etter å ha vore eksponert for blest i høgda kom eg meir i le her nede i Storekvæven, og at sola kom gjennom gjorde forholda heilt perfekte til ein kvil og matbit.

Eg hadde eigentleg tenkt å få med meg den spennande ryggen vidare sørvestover i retning Steinfjellet, men hadde litt såre bein etter klivinga med full oppakning i går. Og med den lange returen til bilen heilt nede ved Boremyr i tankane, bestemte eg meg for å ikkje slita unødvendig mykje på undersåttane. Turen hadde alt gitt meg mange gilde minne og interessant kunnskap, og med alternativ trase for returen var det meir å henta. Denne la eg nemleg om utløpet av Høgavatnet og sekundærtoppen sør for Krøysatjødna, som begge var interessante landskapselement. Frå toppen fann eg vegen ned att til vestenden av Krøysatjødna på godt berande snøfelt, og dermed var ringen slutta.

Etter vidare retur til teltet der eg var tilbake kl. 11:20 var det tid for skotørk og ein god times middagspause i retteleg finver. Etter kvil og nedpakking av teltet følgte eg den tydelege stien nordover og tok etter kvart av mot nordvest i retning Austre Målandsstøl. Men først tok eg ein sving oppom Beinheia som med sine 698moh gjer heller lite av seg i dette relativt flate lendet. Apropos god sti, så mista eg stien eit stykke her, men har i ettertid konstatert at han går vest for tjødna under Beinheia.
Ved Austre Målandsstøl tok eg meg tid til å studera minnesmerket etter flysleppet der nyttårsdag 1945, dette i høve eit komande 80-årsminne etter våpensleppet på Brogaheia i november 1944. Så var det å traska den dryge traktorvegen 500 hm ned til bilen ved Rv. 13 ved Boremyr. Dette var ein etappe eg måtte ta med rolege steg for å ikkje slita unødvendig på føtene med full oppakning på ryggen. Men eg kom meg greit ned på ein time, og fasit for dagen vart om lag 18 km, 600 hm (+500 hm ekstra ned) og 7 timar på tur inkludert middagspausen.
Om fuglelivet er endå livlegare om ei veke eller to, hadde eg gildt selskap av fleire oppskremde liryper, fleire klagande heiloar og dessutan vanlege spurvefuglar som heipiplerke og steinskvett på heia og lauvsongar i bjørkeskogen.
Benutzerkommentare