Bakarste Skagsnebb (01.05.2024)

Written by JonOlavRingheim (Jon Olav Ringheim)

Map
Ascents Skagsnebb (2,003m) 01.05.2024
Bakarste Skagsnebb (2,093m) 01.05.2024
Veslfjelltinden (2,157m) 01.05.2024

Nydeleg vintertur med Simon Øverland. Me gjekk frå Sognefjellshytta og opp til Veslefjelltinden. Deretter skrei me ned på Hurrbrean, gjekk over Hurrbrean og opp mot Skagsnebb. Me tok av skia eit stykke vest for toppen og gjekk med steggjern langs eggen bort til Skagsnebb. Så skrei me ned på breen igjen og gjekk opp mot Bakerste Skagsnebb. Her også måtte me av med skia eit stykke vest for toppen og fullføre med steggjern. Til slutt skrei me ned igjen på breen, fulgte denne over kanten og skrei ned til Sognefjellshytta. Nydeleg tur bortsett frå at det var skikkeleg sugeføre, så me hadde liten glede av skikøyringa.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.